Nordsjøreddik
Cakile maritima subsp. integrifolia
Plantane av strandreddik på dei store sanddyne-områda frå Lista til Hustadvika skil seg frå dei andre plantane i Sør-Noreg i at dei har lite delte blad, ofte berre grunt rundtanna, og at dei hovudsakleg veks på forstranda der det er aktive sanddyner. Desse tilhøyrer underarten nordsjøreddik.
Kjenneteikn
Nordsjøreddik er ei eittårig, saftfull og snau urt, oftast lågare enn 50 cm. Stengelen er nedliggjande eller opprett. Blada er grunt fjørflika til berre grunt rundtanna. Blomane er nokså store og har honninglukt. Begerblada er opprette. Kronblada er raudfiolette til kvite. Fruktene er særprega. Dei er leddskulper med to ledd som ikkje opnar seg. Det nedre leddet er i veggdelen, med eitt frøemne som oftast ikkje utviklar seg. Det øvre leddet er i griffeldelen og har alltid eitt frø. Om begge ledda utviklar seg, finn ein to korte (1–2 mm) butte horn mellom dei. Oftast mognar berre det øvste leddet. Det øvre skulpeleddet har flytevev, losnar tidleg og spreier seg med havstraumar, medan det nedre skulpeleddet (om det er utvikla) blir sitjande att og spreier seg saman med heile planten når han blir spreidd med havstraumar meir lokalt.
Kromosomtal
Nordsjøreddik er diploid med grunntalet x = 9 og kromosomtalet 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Nordsjøreddik er ein spesialist på sand-forstrand med mykje tangrestar, i fronten av aktive sanddyner der han kan ha svært store bestandar. Han finst òg på andre typar strender, berre det er tang nok. Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone. Hovuddelen av utbreiinga er konsentrert i tre område: i Agder frå Søgne til Farsund (Vest-Agder), med hovudtyngda på Lista; på Jæren frå Hå nordover og i Karmøy (Rogaland), og frå Bremanger (Sogn og Fjordane) til Fræna (Møre og Romsdal). Han manglar omtrent mellom Karmøy og Bremanger. Det har si naturlege forklaring ettersom passande sanddynehabitat ikkje finst her. Det er nokre få funn i Nord-Trøndelag, i Flatanger, på Leka og kanskje i Nærøy. Austover i Agder, aust for Søgne, er det berre eitt funn, på Tromøya i Arendal (Aust-Agder).
Eit førebels uløyst problem er variasjonen kring midtre Oslofjorden. I heile området frå Østfold og Oslo sør til Kristiansand, er det smalflika plantar ein finn, med unnatak for eit lite område frå Bastøya i Horten (Vestfold) og Åven i Råde (Østfold) sør til Larvik (Vestfold). I dette området finst det òg plantar med breiflika til lite flika eller rundtanna blad, og dei har den karakteristiske halv-aborterte skulpa til subsp. maritima og subsp. integrifolia (sjå under Forvekslingar nedanfor). Desse plantane veks særleg ute på øyane, i vintermilde område, og dei er mellomliggjande mellom dei to nemnde underartane.
Den globale utbreiinga er noko uklår. Nordsjøreddik er vanleg på vestkysten av Jylland og truleg på Dei britiske øyane og langsmed kysten frå Tyskland sørover i alle fall til Frankrike. Desse underartane er ikkje omtala hos Rich (1991) eller Stace (2019) som fører alle britiske plantar til subsp. maritima (men der illustrasjonen hos Rich syner ein subsp. integrifolia).
Kommentarar
Det er usemje om nordsjøreddik er ein særskild rase eller berre ein variasjon innanfor fjørereddik subsp. maritima. Ball (1993) fører namnet subsp. integrifolia som eit synonym for subsp. maritima, og Stace (2019) nemner han ikkje i det heile. I Noreg (og Danmark) er han like morfologisk distinkt som dei andre underartane, og han har si særskilde utbreiing og særskild økologi.
Forvekslingar
Nordsjøreddik og ishavsreddik subsp. islandica har begge blad som er grunt flika, ikkje delte inn mot midten, eller hos nordsjøreddik ofte berre rundtanna, og med mykje breiare flikar og tenner enn dei to andre underartane. Austersjøreddik subsp. baltica og fjørereddik subsp. maritima har begge delte blad, men hos austersjøreddik er flikane ofte trådsmale og flika på ny. Hos nordsjøreddik og fjørereddik utviklast oftast ikkje det nedre leddet på frukta slik at berre det øvre leddet har eit frø. Hos desse to er difor heller ikkje dei to horna mellom ledda godt utvikla. Hos austersjøreddik og ishavsreddik utviklast oftast begge ledda på frukta, med kvart sitt frø. Austersjøreddik har smale, spisse horn mellom ledda, medan ishavsreddik knapt har noko horn i det heile teke, men heller ei innsnøring mellom ledda. Utviklinga av skulpeledd og horn varierer mykje, og ein må sjå på mange frukter (og plantar) for å sjå kva som er det hyppigaste.
Kjelder
Ball PW (1993). Cakile Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413–414.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R (2007). Cakile Mill. I Flora Nordica. Upublisert manus.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R og Gjelsås T (1981). Strandreddik (Cakile Mill.) i Norge. Blyttia 39: 87–106.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Rodman JE (1974). Systematics and evolution of the genus Cakile (Cruciferae). Contributions from the Gray Herbarium 205: 3–146.
Rodman JE (1976). Differentiation and migration of Cakile (Cruciferae): Seed glucosinolate evidence. Systematic Botany 1: 137–148.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Nordsjøreddik Cakile maritima subsp. integrifolia (Hornem.) Hyl. ex Greuter & Burdet. www.artsdatabanken.no/Pages/345531. Lasta ned <dag.månad.år>.