Honningkarse
Lepidium draba
Honningkarse vart tidlegare plassert i ei særskild slekt, Cardaria, men er no inkludert i Lepidium på grunn av molekylære analysar. Dette er ein framand art som no er bufast mange stader i Noreg, særleg på havstrand i søraust.
Kjenneteikn
Honningkarse er ei fleirårig urt som ofte veks i store bestandar og med opprette stenglar opptil 50 cm. Grunnblada er avlange, bukttanna og med skaft; stengelblada er sitjande med tydelege bladøyre. I blomestanden går alle greinene ut frå om lag same staden, noko som gjev heile blomestanden eit særpreg. Dei einskilde greinene i blomestanden strekkjer seg mykje, blir jamhøge, og dei sit saman i ein kandelaberform. Kronblada er kvite, om lag 3 mm lange og om lag dobbelt så lange som begerblada. Blomane har seks pollenberarar. Frukta er ei omvendt hjarteforma kortskulpe som er 4–6(–6,5) mm lang. Ho er ofte skeiv og har berre med eitt frø, og ho opnar seg ikkje (nøttskulpe).
Kromosomtal
Honningkarse er tetraploid (svært sjeldan diploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32 (16). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Honningkarse er framand i Noreg, men er godt etablert i norsk natur. Arten blei først funnen i “Lungegaardshaven” i Bergen (Hordaland) i 1876. Arten er hovudsakleg komen inn som ureining i korn ved møller og i hamner. Han har vore eit nokså ustabilt ugras på ulike typar skrotemark, men han har vorte bufast og har naturalisert seg på havstrand med tangrestar, særleg på noko basisk grunn. Utbreiinga som bufast ligg i boreonemoral sone, med meir ustabil førekomst i nemoral sone og strøfunn i sør- og mellomboreal sone. Arten er funnen nokre få stader (og som ustabil) i innlandet i Østre Toten (Oppland) og Tokke (Telemark), men hovudutbreiinga er langsmed kysten frå Østfold til Hordaland, med nokre forbigåande førekomstar vidare nordover i Ålesund (Møre og Romsdal) og Røros, Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag). Frå 2000 er han om lag berre funnen på havstrender frå Oslo sør til Larvik (Vestfold), men her er han bufast fleire stader.
Honningkarse er heimleg i heile Middelhavsområdet (Europa, Afrika og Asia) og austover til Sentral-Asia. Elles er han vidt utbreidd som kulturspreidd i Nord- og Sør-Amerika, Sør-Afrika og Australia.
Kommentarar
Molekylære undersøkingar (sjå Al-Shehbaz mfl. 2002) gjer at honningkarse no går inn i slekta Lepidium. Tidlegare vart han rekna til ei særskild slekt Cardaria som Cardaria draba (L.) Desv.
Forvekslingar
Honningkarse har ingen nærliggjande forvekslingar. Arten er lett kjenneleg, ikkje minst på grunn av blomestanden som kan likne på ein fleirarma lysestake (kandelaber).
Kjelder
Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.
Al-Shehbaz IA, Mummenhoff K og Appel O (2002). Cardaria, Coronopus, and Stroganowia are united with Lepidium (Brassicaceae). Novon 12: 5–11.
Ball PW (1993). Cardaria Desv. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 402.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Honningkarse Lepidium draba L. www.artsdatabanken.no/Pages/345627. Lasta ned <dag.månad.år>.