Krossblomfamilien er ein nokså stor familie av karplantar med over 370 slekter og over 4000 artar, utbreidde over om lag heile jorda, frå Arktis i nord til Antarktis i sør. Familien omfattar eitt- til fleirårige urter og nokre halvbuskar og buskar. I Noreg er familien ein av dei største, med 60 slekter og om lag 155 artar. Ei rekkje grønsak- og krydderplantar høyrer til krossblomfamilien, mellom anna alt som heiter noko med ‘kål’, ‘karse’ og ‘reddik’ og ‘sennep’. Mange av desse har vore dyrka i minst eit par tusen år og er viktige kulturplantar. Nokre artar blir dyrka som prydplantar, men familien er ikkje mellom dei viktigaste i norske hagar.

Kjenneteikn

Familien er lett å kjenne att på dei firetalige blomane som oftast sit i klasar, stundom i toppar eller halvskjermar, med kronblad som sit som ein kross, med oftast seks pollenberarar, med ei skulpefrukt (sjå nedanfor), og med skruestilte blad. Dei to indre begerblada har ofte ei meir eller mindre tydeleg utposing, ein sekk, ved grunnen. Det er ein systematisk skilnad i korleis begerblada sit. Hos nokre slekter er dei opprette og sit inntil grunnen av kronblada, og då har dei ofte slik sekkforma grunn; hos andre slekter sprikjer dei ut frå kronblada, og då er grunnen oftast ikkje sekkforma. Kronblada har ei meir eller mindre brei plate og eit smalare skaft. Hos storparten av dei norske artane er kronblada kvite eller gule, men det er òg nokre artar og slekter med rosa eller fiolette kronblad, og i alle fall éi slekt med reint blå kronblad (himmelblomslekta Heliophila). Kronblada er oftast like store, men hos nokre få artar er dei ytre kronblada i ein blome tydeleg større enn dei indre, i Noreg finn vi dette i sløyfeslekta Iberis og i sandkarseslekta Teesdalia.

Skulpa er delt i to med ein veggdel (valvardel) nedst og ein griffeldel (stylardel) øvst. Det kan vere frø i begge desse, men hos storparten av artane er griffeldelen berre utvikla til ein smal, frølaus griffel. Dersom frøa sit i veggdelen, sit dei i ei eller to rekkjer. Dersom frøa sit i griffeldelen, sit dei i berre éi rekkje. Frukta har to fruktblad, med ein oftast tydeleg samanveksingssaum, og med ein sokalla falsk skiljevegg (kalla “replum”) mellom to skulperom i veggdelen. Skiljeveggen vert omtala som «falsk» av di han ikkje er danna av sjølve fruktblada, men av ein utvekst frå frøstolane (ein frøstol vert kalla «placenta») som frøemna er festa til og som sit på samanveksingssaumen mellom fruktblada. Hos artar med flate skulper kan samanveksingssaumen sitje i kanten (og skiljeveggen sit då på langs i skulpa, parallelt med breisidene) eller på breisida (og skiljeveggen sit på tvers, vinkelrett på breisidene). Hos storparten av slektene er skiljeveggen tynn og hinneforma og blir sitjande att når skulpeveggane fell av. Nokre slekter har skulper som ikkje opnar seg (nøttskulper eller leddskulper). Storparten av desse har frø berre i griffeldelen. I veggdelen sit frøa festa langsmed samanveksingssaumen på begge sider av skulpa, men stundom er det berre eitt eller eit par frø i kvar skulpe. I griffeldelen sit frøa anten einskilde eller i éi rekkje som ei perlesnor.

Hårtypar er viktig for slekts- og artsbestemming i familien. Håra er uvanleg mangeforma i krossblomfamilien. Plantane kan ha ugreina (òg kalla enkle) hår, gaffelhår med to greiner, stundom om lag uskafta og der dei to greinene ligg parallelt med overflata på stengelen eller bladet (sokalla malpighiske hår), regelrett fleirgreina hår, stundom langskafta og med greinene ut i eitt plan (stjernehår) og stundom med greinene greina på ny, stundom med greinene vaksne saman til éi flate (skjoldhår), og dessutan hos mange artar og slekter uregelrett greina (buskforma eller dendroide) hår.

Kjemisk forsvar

Svært mange artar av familien inneheld stoff kalla glykosinolat (ofte kalla sennepsolje-glykosinolat), som er kopla til enzym kalla myrosinolat. Når nokon beitar på plantane, kjem enzym og glykosinolat i kontakt, og glykosinolat blir spalta, frigjev sennepsolje, og gjev stoff med ein bitter smak. Det er desse som gjev smak til kål, reddik og sennep, og som vi menneske set pris på, men som beitande insekt og andre dyr ikkje set like stor pris på. Dei er difor eit forsvar mot beiting, men likevel er krossblomane ofte utsette for angrep av insektlarvar, og det gjeld særleg fruktene. Dette kan ein ofte sjå hos hybridar, der dei arts- eller rasespesifikke kjemiske forsvarsmekanismane blir forstyrra (sjå strandreddikslekta Cakile).

Utbreiing

Familien er ein av dei store i Noreg, med 60 slekter og om lag 155 artar (per mai 2023). Av desse slektene inneheld 21 heimlege artar (mange av desse slektene inneheld òg framande artar), seks slekter inneheld framande arter komne med tidleg jordbruk, ofte for fleire tusen år sidan, og heile 33 slekter inneheld berre nye framande arter. Av artane er 51 rekna som heimlege, 10 som gamle framande og heile 94 som nye framande. Familien har representantar i heile Noreg, frå Lindesnes til dei høgaste fjelltoppane og nord til dei kaldaste av dei norske arktiske øyane.

Kommentarar

Dette er éin av nokre få familiar som har to aksepterte vitskaplege namn. Brassicaceae byggjer på slektsnamnet til kål, Brassica, medan det andre namnet, for dei som føretrekkjer gamle namn, er Cruciferae = dei som ber ein kross. Det siste namnet syfter, som nemnt ovanfor, på dei fire kronblada som sit som i ein kross.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (red.) (2010). Brassicaceae Burnett. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 224–746.

Ball PW, Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Cruciferae. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2 utg.: 313–417.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results. Lasta ned 9/12/2022.

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Krossblomfamilien Brassicaceae Burnett. www.artsdatabanken.no/Pages/312213. Lasta ned <dag.månad.år>.