Vårskrinneblom er heimleg. Han er kjerneplanten for undersøkingar av kromosom, mutasjonar og variasjon i gensekvensar hos plantar og er på ein måte planteverdas bananfluge, Drosophila. Han var den første plantearten der heile genomet blei sekvensert (i 2000). Om ein har lyst til å sjå ei rotfesta ‘bananfluge’, er arten vanleg i låglandet og dalføra nord til Trøndelag, og førekjem spreidd vidare til Troms.

Kjenneteikn

Vårskrinneblom er ein liten, grannvaksen og eittårig plante, ein sjeldan gong opptil 30 cm, og han visnar ned tidleg i sesongen. Grunnblada sit i rosett og er oftast heile og eggforma, grågrøne og med langskafta gaffelhår eller hår med 3 greiner. Stenglane er ugreina eller greina, med små, heile blad med kileforma grunn. Dei er håra nedst med lange, ugreina hår. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er små, berre 2–4 mm lange, og dei er kvite med gul flekk på kronbladskaftet. Frukta er ei snau, smal langskulpe 0,5–2 cm lang, på sprikjande skaft. Ho er om lag dobbelt så lang som skaftet og har ein kort griffel på 0,2–0,4 mm. Frøa er gulbrune og om lag 0,5 mm breie, og dei sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Rosettblada er oftast heile og eggforma, grågrøne og med greina hår. Stenglane har lange, enkle hår nedst. 

Kromosomtal

Vårskrinneblom er diploid med grunntal x = 5 og kromosomtal 2n = 10. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Det låge kromosomtalet, noko som skil denne arten frå resten av slekta og frå storparten av andre krossblomar, er ei av årsakene til at han er blitt ein favorittplante hos genetikarane. Talet er òg ei årsak til at Löve (1961) skilde ut svensk skrinneblom frå slekta Arabidopsis, og frå naboslekta Cardaminopsis, som ei særskild slekt: Hylandra. Ulike grunntal var den gongen grunn nok for å skilje mellom slekter; seinare har undersøkingar av molekylære markørar ført til at dette ikkje blir vektlagt like sterkt.

Økologi og utbreiing

Vårskrinneblom er ein heimleg og vanleg plante på tørr mark, grunnlende og i rasmark og på sandjord i låglandet. Han er lite næringskrevjande og er ikkje knytt til baserik grunn. Han veks òg ofte på vegkantar, langsmed jernbanar og på skrotemark. Arten er utbreidd frå nemoral til mellomboreal sone og som meir tilfeldig opp i lågalpint belte. Han er vidt utbreidd i låglandet og dalføra nordover til Trondheimsfjorden og på kysten til Helgeland. Vidare nordover er det meir spreidde førekomstar til Hadsel (Nordland) og Harstad (Troms). I innlandet er han ofte komen inn langsmed vegar og jernbanar. Han er funnen heilt opp i snaufjellet, til 1150 moh. i Lom (Oppland).

Globalt er arten utbreidd som meir eller mindre heimleg over heile Europa (unnateke Arktis), i Asia aust til midtre Sør-Sibir, og i Afrika sør til sentrale Aust-Afrika. Som framand er han kulturspreidd til Nord-Amerika, delar av Sør-Amerika, Sør-Afrika, Australia og Aust-Asia.

Vårskrinneblom er vanleg på tørr mark i låglandet nord til Nordland.

Forvekslingar

Dei mest nærliggjande forvekslingane er med andre eittårige Arabidopsis-artar. Frå sandskrinneblom Arabidopsis arenosa skil vårskrinneblom seg i mykje mindre blomar med gul flekk på kronbladskaftet og om lag udelte grunnblad; frå svensk skrinneblom Arabidopsis suecica skil han seg i at rosettblada er utanna og i kortare kronblad (2–4 mm mot 4–8 mm lange) og kortare pollenknappar (0,2–0,4 mot 0,5–0,8 mm lange).

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Arabidopsis (de Candolle) Heynhold. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 447–450.

Ball PW (1993). Arabidopsis (DC.) Heynh. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 322–323.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Löve Á (1961). Hylandra – A new genus of Cruciferae. Svensk Botanisk Tidsskrift 55: 211–217.

O’Kane SL og Al-Shehbaz IA (2003). Phylogenetic position and generic limits of Arabidopsis (Brassicaceae) based on sequences of nuclear ribosomal DNA. Annals of the Missouri Botanical Garden 90: 603–612.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vårskrinneblom Arabidopsis thaliana (L.) Heynh. www.artsdatabanken.no/Pages/345498. Lasta ned <dag.månad.år>.