Austersjøreddik er ein regional rase av strandreddik med tyngdepunkt kring Austersjøen. Utbreiinga strekkjer seg vestover mellom dei danske øyane, oppover vestkysten av Sør-Sverige og til Oslofjorden og Skagerrakkysten til Agder.

Kjenneteikn

Austersjøreddik er ei eittårig, lite saftfull og snau urt, oftast lågare enn 50 cm. Stengelen er nedliggjande eller opprett. Blada er fjørdelte med svært smale (1–3 mm breie) flikar som ofte er flika på ny. Blomane er nokså store og har honninglukt. Begerblada er opprette. Kronblada er raudfiolette til kvite. Fruktene er særprega. Dei er leddskulper med to ledd som ikkje opnar seg. Det nedre leddet er i veggdelen, om lag alltid med eitt frø som utviklar seg. Det øvre leddet er i griffeldelen og har alltid eitt frø. I overgangen mellom ledda sit det to markerte, 2–3 mm lange, spisse horn. Oftast mognar begge ledda. Det øvre skulpeleddet har korkvev, losnar tidleg og spreier seg med havstraumar, medan det nedre skulpeleddet blir sitjande att og spreier seg saman med heile planten når han blir spreidd med havstraumar meir lokalt.

Kromosomtal

Austersjøreddik er diploid med grunntalet x = 9 og kromosomtalet 2n = 18. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Austersjøreddik er ein vanleg plante på tangvollar og anna havstrand med tangrestar i nemoral og boreonemoral sone i Østfold, kring Oslofjorden og sørover til Telemarkkysten, med nokre få førekomstar i Agder sør til Kristiansand og Søgne (Vest-Agder). Underarten er meir vanleg langsmed brakkvatn enn i område med meir salthaldig sjøvatn. Utbreiinga elles er avgrensa til Danmark (frå Aust-Jylland og austover) og kring Austersjøen frå Tyskland og Polen nordover til Bottenhavet.

Kommentarar

Mellomformer er svært vanlege der underartane av strandreddik veks saman. Kring Oslofjorden og langsmed Skagerrak-kysten sørover til Agder, er det vanleg å sjå former mellom austersjøreddik og fjørereddik subsp. maritima. Nokre få plantar inne i Trondheimsfjorden, særleg i og kring Hommelvik i Malvik (Sør-Trøndelag), har òg trekk som minner litt om austersjøreddik, sjølv om fjørereddik er den heilt dominerande rasen her. Om dette stemmer, så kan det ha samanheng med at Hommelvika lenge har vore utførselshamn for stader ved Bottenhavet (Meråkerbanen – jernbanen mellom Sundsvall og Trondheim).

Austersjøreddik har nokre trekk felles med ein annan rase av arten strandreddik: dei smalflika og ofte dobbelt flika blada, frukta der begge ledd utviklar seg, og horna mellom dei. Denne andre rasen er subsp. euxina (Pobed.) Nyár., geografisk avgrensa til Svartehavsområdet. Kan det ha vore ein tidleg postglasial samanheng mellom Svartehavet og Austersjøen? Ein annan krossblome som syner noko av det same mønsteret, er vaid Isatis tinctoria.

Forvekslingar

Austersjøreddik og fjørereddik subsp. maritima har begge delte blad, men hos austersjøreddik er flikane ofte trådsmale og flika på ny. Nordsjøreddik subsp. integrifolia og ishavsreddik subsp. islandica har begge blad som er grunnare flika eller berre rundtanna, og med mykje breiare flikar og tenner. Hos fjørereddik og nordsjøreddik utviklast oftast ikkje det nedre leddet på frukta, og berre det øvre leddet har eit frø. Hos desse to er difor heller ikkje horna mellom ledda godt utvikla. Hos austersjøreddik og ishavsreddik utviklast oftast begge ledda på frukta, med kvart sitt frø. Austersjøreddik har smale, spisse horn mellom ledda, medan ishavsreddik knapt har noko horn i det heile teke, men heller ei innsnøring mellom ledda. Utviklinga av skulpeledd og horn varierer mykje, og ein må sjå på mange frukter (og plantar) for å sjå kva som er det hyppigaste.

Kjelder

Ball PW (1993). Cakile Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413–414.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R (2007). Cakile Mill. I Flora Nordica. Upublisert manus.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Gjelsås T (1981). Strandreddik (Cakile Mill.) i Norge. Blyttia 39: 87–106.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rodman JE (1974). Systematics and evolution of the genus Cakile (Cruciferae). Contributions from the Gray Herbarium 205: 3–146.

Rodman JE (1976). Differentiation and migration of Cakile (Cruciferae): Seed glucosinolate evidence. Systematic Botany 1: 137–148.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Austersjøreddik Cakile maritima subsp. baltica (Rouy & Foucaud) Hyl. ex P.W.Ball. www.artsdatabanken.no/Pages/345530. Lasta ned <dag.månad.år>.