Steinsennep
Diplotaxis tenuifolia
Mykje av det vi finn i matforretningar og på spisestader som rucola, kjem frå denne arten. Dersom blada ein kjøper har fleire smale flikar, er det truleg steinsennep; har dei færre og breiare flikar, så kan det vere salatsennep Eruca vesicaria. Begge desse artane går under namnet rucola, og begge er framande.
Kjenneteikn
Steinsennep er ein fleirårig, snau plante. Han har stengel som er trehard nedst, opptil 50 cm, og med blad oppetter stengelen (ulikt mursennep). Alle blada er smalt buktflika og med smal endeflik. Blomane sit i ein open klase utan støtteblad. Klasen strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er oppstigande og utan sekkforma grunn. Kronblada er reint gule og 8–12 mm lange. Frukta er ei langskulpe som sit på eit langt skaft som kan vere bortimot jamlangt med skulpa. Det er eit tydeleg fruktfeste (karpofor) mellom sjølve skulpa og festet for begerblada. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom i veggdelen. Griffeldelen av frukta (nebbet) er utan frø.
Kromosomtal
Steinsennep er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtal 2n = 22. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Steinsennep er framand og frå først av truleg komen inn med ballastjord, seinare med ulike transportar, og i den aller seinaste tida spreidd ut frå dyrking av rucola. Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone. Han blei først funnen på “Bragernæs” i Drammen (Buskerud) i 1857. Han veks i byar, åkerkantar og på anna skrotemark, og han er mindre basekrevjande enn mursennep. Det er mange funn i kyststrøk frå Østfold og Oslo til Stavanger (Rogaland), med eitt funn frå 2005 i Stord (Hordaland) og eitt ballastfunn frå 1866 i Kristiansund (Møre og Romsdal). Han er òg funnen i ny tid (frå 2000) i innlandet i Mjøsområdet, Melhus (Sør-Trøndelag) og Valldal (Møre og Romsdal), kanskje forvilla frå rucola-dyrking. Ein stor del av funna òg i andre område, heilt vest til Stavanger, er frå etter 2000, og desse kjem sikkert frå slik dyrking. Han er truleg bufast nokre få stader.
Den heimlege utbreiinga omfattar Middelhavsområdet og Mellom-Europa.
Kommentarar
Ein steril hybrid med mursennep Diplotaxis muralis er funnen i Oslo, Langesund i Bamble (Telemark) og Risør (Aust-Aghder).
Forvekslingar
Steinsennep skil seg frå den svært sjeldsynte arten stripesennep Diplotaxis erucoides i at den sistnemnde har kvite kronblad og er mykje håra. Frå mursennep Diplotaxis muralis skil han seg særleg i at kronblada er lengre (8–12 mm mot 6–8 mm), i at han har eit tydeleg fruktfeste, noko mursennep ikkje har, og i at skulpa hos mursennep er om lag dobbelt så lang som skulpeskaftet, medan ho hos steinsennep er bortimot jamlang med skulpeskaftet. Frå dei fleste andre gule krossblomar skil han seg i kombinasjonen av den vesle frukta på sprikjande skaft, nokså små og svært klårt gule blomar, og i at frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Heywood VH, Akeroyd JR og Martínez-Laborde JB (1993). Diplotaxis DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 404–405.
Martínez-Laborde JB (2010). Diplotaxis de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 432–433.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Steinsennep Diplotaxis tenuifolia (L.) DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345570. Lasta ned <dag.månad.år>.