Fôrkål er framand, men er ein av dei vanlegaste kulturplantane i norsk jordbruk. Han omfattar, som rasar, olje- og fôrplanten raps og grønsak- og fôrplanten kålrot.

Fôrkål er eitt- eller toårig. Dei eittårige plantane tilhøyrer underarten raps Brassica napus subsp. oleifera, her avbilda frå Malvik i Sør-Trøndelag. 

Kjenneteikn

Fôrkål er eitt- eller toårig. Eittårige plantar (underarten raps subsp. oleifera) har grann rot og set ikkje rosett. Toårige plantar (underarten kålrot subsp. rapifera) har ein stor rotknoll første året og set ein stor rosett. Om dei får stå, set dei stengel opptil 1–1,5 m med blomar andre året, og stundom set dei stengel allereie første året (dei går i ‘stokk’). Blada er blågrøne og om lag heilt snaue, men grunnblada kan ha nokre kanthår og nokre hår langsmed nervane. Dei nedre blada er buktflika, dei øvre heile, og her er bladgrunnen brei og går kring stengelen. Blomane sit i ein klase der knoppane er på same høgda som dei opne blomane. Blomane er nokså store. Begerblada er sprikjande til opprette. Kronblada er gule og 10–15 mm lange. Frukta er ei langskulpe, 4–10 cm lang, som sit på nokså lange, sprikjande fruktskaft. Ho har eit konisk nebb (griffeldelen) på 1–3 cm. Frøa er 1,5–3 mm store og svarte som mogne.

Dei øvre stengelblada er heile med bladgrunn som går kring stengelen.

Blomane er gule og store og sit i ein klase der knoppane er på same høgda som dei opne blomane.

Kromosomtal

Fôrkål er ein allotetraploid hybridart oppkomen frå kål Brassica oleracea (diploid med grunntalet x = 9) og bondekål Brassica rapa (diploid med grunntalet x = 10). Fôrkål har difor kromosomtalet 2n = 38 (og det sekundære grunntalet x = 19). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Fôrkål er framand, men er dyrka over heile landet (i høgtliggjande strøk og nordover som kålrot), og tilsvarande er han funnen utanfor kultur i om lag heile landet opp og nord til skoggrensa. Planten står att frå tidlegare dyrking, veks i åkerkantar, og han blir spreidd ut på vegkantar under frøtransportar. Han er vanleg å sjå i låglandet nord til Trøndelag, og er elles funnen spreidde stader nord til Troms og så vidt i Finnmark. Han er ikkje bufast, men blir jamt spreidd ut frå dyrking og transportar.

Det er noko uvisst når og kor arten Brassica napus oppstod, men truleg som ein spontan allopolyploid art i Vest- eller Sørvest-Europa og i alle fall godt før mellomalderen. Han var ifølgje Hartvig (2015) dyrka i Danmark allereie frå tidleg mellomalder, då som ein viktig oljeplante (lampeolje), seinare som kjelde til matolje (rapsolje).

Kommentarar

To kultivarar eller rasar av fôrkål blir dyrka og forvillar seg i Noreg: raps subsp. oleifera og kålrot subsp. rapifera. Raps blir dyrka på grunn av dei oljerike fruktene, og han blømer og set rikeleg med frukt. Kålrota blir oftast hausta før ho blømer. Det er difor ikkje noko merkeleg i at meir enn ti gonger så mykje raps som kålrot er funnen i norsk natur.

Forvekslingar

Fôrkål kan bli forveksla med dei andre Brassica-artane utan stengelomfattande blad. Fôrkål har mykje større blomar enn bondekål Brassica rapa; kronblada er oftast kortare enn 11 mm hos bondekål og meir enn 11 mm hos fôrkål. Det er òg mykje meir hår på nedre delar av planten hos bondekål enn hos fôrkål. Frå kål Brassica oleracea, skil han seg lettast når han blømer. Hos kål sit knoppane tydeleg høgare enn dei opna blomane; hos fôrkål sit dei på om lag same høgda. Blomane hos kål er nikkande og med opprette begerblad; blomane hos fôrkål er opprette og med noko sprikjande begerblad.

Fôrkål (og kål) kan òg forvekslas med andre vanlege gulbloma krossblomar på kulturmark. Fôrkål har større blomar og mykje meir blågrøne blad enn til dømes vinterkarse Barbarea vulgaris, åkergull Erysimum cheiranthoides og åkersennep Rhamphospermum arvense.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Raps/fôrkål/kålrot Brassica napus L. www.artsdatabanken.no/Pages/345517. Lasta ned <dag.månad.år>.