Mølledodre
Alyssum hirsutum
Mølledodre er framand og komen inn ein sjeldan gong som ureining i korn. Arten er ikkje funnen i Noreg på meir enn 110 år. Han kjem opphaveleg frå Søraust-Europa og Vest-Asia.
Kjenneteikn
Mølledodre er eittårig og gråhåra med fågreina, tiltrykte hår og med meir sprikjande, ugreina hår og gaffelhår, med stenglar opptil 40 cm. Stengelblada er eggforma til avlangt lansettforma og heile. Blomestanden strekkjer seg til ein smal, lang og tett klase i fruktstadiet. Begerblada er 2–3,5 mm og fell tidleg av. Kronblada er 3–5 mm, noko innsnørte på midten, utranda, og bleikgule. Pollentrådane har vengjer eller vedheng. Frukta er ei avrunda kortskulpe på 5–7 mm, med tiltrykte, fågreina stjernehår og sprikjande, tjukke og stive ugreina eller ujamt togreina hår som er litt bøygde. Skulpeveggane går ut som ein tydeleg kant på sidene av skulpa. Griffelen er tydeleg og 1,2–2,5 mm lang. Det er to frø i kvart skulperom, og dei er avflata med ein tydeleg vengjekant på 0,2–0,5 mm.
Kromosomtal
Mølledodre er heksaploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 48. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Mølledodre er framand, komen inn som ureining med korn og berre funnen på skrotemark nær møller: i Oslo i 1895 på “Tomt ved Grünerbroen”, i Skien (Telemark) i 1905 ved kornsiloen på Bøleveien, og i Kristiansand (Vest-Agder) i 1894 ved mølla ved Grim og i 1911 på ei eng. Arten er følgjeleg ikkje funnen i Noreg på over 110 år.
Den heimlege utbreiinga er i Søraust-Europa, Kaukasus og i Vest-Asia aust til Iran. Arten kom truleg til Noreg med korn frå hamner ved Svartehavet.
Kommentarar
Mølledodre (og hamnedodre Alyssum desertorum) høyrer til seksjonen Alyssum, ulikt seksjonen Psilonema som grådodre høyrer til ved at dei har vengjer og/eller vedheng på pollentrådane.
Forvekslingar
Mølledodre kan likne litt på steindodre Aurinia saxatilis, men steindodre har sprikjande begerblad, gullgule kronblad og er ein halvbusk, medan mølledodre har opprette begerblad, bleikgule kronblad og er ei kortlevd urt. Om ein skulle finne denne arten i Noreg att, er skilnaden i pollentrådane viktig. Grådodre har ikkje vengjer på pollentrådane, slik som mølledodre har. Hamnedodre Alyssum desertorum har slike vengjer, men har om lag snaue skulper, medan mølledodre har tett og grått stjernehåra skulper med noko breiare vengjekant enn det grådodre og hamnedodre har.
Kjelder
Ball PW og Dudley TR (1993). Alyssum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 359–369.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Mølledodre Alyssum hirsutum M.Bieb. www.artsdatabanken.no/Pages/345493. Lasta ned <dag.månad.år>.