Grårublom
Draba cinerea
Grårublom er ein heimleg art og er ein av dei mest sjeldsynte og misforståtte rublom-artane i Noreg. Slik vi oppfattar arten i dag, er han berre sikkert dokumentert frå tre kommunar i Finnmark.
Kjenneteikn
Grårublom er ei fleirårig urt som veks i grisne tuver med små rosettar og blomestenglar opptil 25 cm. Blad, blomestenglar og skulper er tett, grått stjernehåra med små, kortskafta hår, i nokre populasjonar òg med lange, ugreina hår på rosettblada (sjå kommentarar). Rosettane har korte, oftast heile blad. Blomestenglane kan ha 1–3 blad. Blomestanden er ein rikbloma klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomane er nokså store og heilt opne. Kronblada er 3–6 mm lange og kvite. Frukta er ei breitt elliptisk kortskulpe, 5–7 mm lang og avrunda i begge endane. Ho sit på eit skaft som oftast er kortare enn skulpa. Griffelen er lang, dvs. 0,8–1 mm.
Kromosomtal
Norsk materiale av grårublom er kjent som heksaploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 48. Teljingar er utførte på materiale frå Finnmark. Same talet er rapportert frå europeisk Russland, Sibir, Russisk fjerne austen, Alaska, Canada og Grønland. Frå nokre område er arten òg rapportert med andre tal: tetraploid 2n = 32 (frå Sibir), septaploid 2n = 56 (frå Russisk fjerne austen), og oktoploid 2n = 64 (frå Russisk fjerne austen).
Økologi og utbreiing
Grårublom er heimleg og veks, slik vi oppfattar arten, berre i tørre bergsprekkar, på berghyller og i rasmark på kalkgrunn og på dolomitt (kalsium-magnesium-karbonat). Han har vore rapportert frå store delar av fjellkjeda, men er etter vår meining sterkt nordaustleg og svært sjeldsynt, berre funnen i nordboreal sone i Finnmark langsmed Altavassdraget i Alta og Kautokeino (her til 440 moh.) og i Porsanger på nokre få dolomittfjell (Stallucohka, Silbacohka) og ved ein foss nær Skoganvarre. For eit påliteleg kart og meir diskusjon kring økologi og utbreiing, sjå Elven (2013).
Arten er truleg spreidd arktisk-alpin sirkumpolar. Vi har sett plantar som samsvarar med vår oppfatning av Draba cinerea, frå Sibir, Alaska, Canada og Grønland og Nord-Fennoskandia. I Norden er arten elles berre funnen i Kuusamo-området i Aust-Finland og på nordstranda av Ladoga i russisk Karelen (som ein var. ladogensis H.Lindb.).
Kommentarar
Reidar Elven og Heidi Solstad har sett og samla Draba cinerea i det området som arten opphaveleg vart beskriven frå, nær Schigansk ved nedre Lena i Nord-Sibir, og desse plantane samsvarar med den eine delen av Finnmarks-plantane (sjå nedanfor). Det same gjer Adams sin type for arten i Moskva-herbariet (MW) og i ein syntype i de Candolles herbarium i Geneve (G-DC). Vi er difor nokså sikre på korleis vi definerer denne arten. Men det er problem knytt til morfologien hos dei nordiske plantane.
Dei nordiske plantane kan kanskje høyre til to artar, éin med berre stjernehår (Draba cinerea s. str., slik typematerialet frå Lena-området i Nord-Sibir er) og éin med om lag berre ugreina hår. Begge typane finst både i Noreg og i Finland. Dei skil seg òg litt i molekylære markørar, men begge er kjende med kromosomtalet 2n = 48.
Forvekslingar
Dei regelrette og ikkje svært små stjernehåra hos grårublom gjer at det berre er to artar han kan bli forveksla med: mjølrublom Draba arctica og storrublom Draba hirta. Det er forvekslingar òg med bergrublom Draba rupestris, men desse forvekslingane kjem av at ein ikkje har sett godt på håra; bergrublom har ikkje regelrette stjernehår, berre uregelrett fleirgreina (dendroide) hår. Snørublom Draba nivalis er òg stjernehåra, men er ein mykje mindre plante med knøttsmå stjernehår.
Storrublom skil seg frå både mjølrublom og grårublom i at griffelen er tydeleg kortare, 0,4–0,5 mm mot 0,8–1,0 mm hos begge dei andre. Dette er den første karakteren ein må sjå etter. Grårublom har dessutan er svært kort og breitt elliptisk skulpe, mindre enn to gonger så lang som brei, og ho sit på eit svært kort skaft, ofte kortare enn skulpa. Dei to andre har skulper som er meir enn to gonger så lange som breie og smalt elliptiske, smalt eggforma eller oftare lansettforma, og dei sit på skaft som er jamlange med eller lengre enn skulpa. Storrublom har skulpe som anten er snau eller stjernehåra, medan dei to andre alltid har stjernehåra skulpe. Mjølrublom har ei nokså smal, oftast lansettforma skulpe som er tilspissa i begge endane og meir enn to gonger så lang som brei, medan grårublom har ei kort, elliptisk skulpe som er avrunda i begge endane og mindre enn to gonger så lang som brei. I Noreg er dessutan mjølrublom berre funnen på Svalbard, medan grårublom berre er sikkert funnen i Finnmark.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R (2013). Draba cinerea Adams. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 180–182.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Grårublom Draba cinerea Adams. www.artsdatabanken.no/Pages/345577. Lasta ned <dag.månad.år>.