Dansk skjørbuksurt
Cochlearia danica
Dansk skjørbuksurt er ein plante som ikkje så mange av dei som ferdast langsmed kysten, har sett. Han er heimleg, veks ute i skjergarden, og han blømer tidleg og visnar ofte heilt ned før både felt- og feriesesong startar.
Kjenneteikn
Dansk skjørbuksurt er ein eittårig, grannvaksen plante opptil 20 cm (men oftast lågare). Han er ikkje saftfull. Rosettblada er små, langskafta og med trekanta plate, og dei visnar tidleg. Stengelblada har tydeleg skaft og ei plate som er grunt 3- til 7-flika. Blomestanden er ein kort klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet, og med nokså få blomar. Kronblada er om lag 3 mm lange, om lag dobbelt så lange som begerblada, og kvite eller lyst purpurfarga. Frukta er ei lita (3–6 mm lang) kortskulpe som er eggforma, elliptisk eller om lag rund, og ho er ikkje samantrykt. Frøa er små, om lag 1 mm lange.
Kromosomtal
Dansk skjørbuksurt er heksaploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 42. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Dansk skjørbuksurt er heimleg og veks på havstrand, oftast på grus, mellom steinar og på tangvoll, men òg på strandeng. Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone. Arten er nokså sjeldsynt på ytterkysten frå Hvaler og Moss (Østfold) og Nøtterøy og Tjøme (Vestfold) til Mandal (Vest-Agder). Lenger vest er han dokumentert frå Flekkefjord og kanskje Farsund (Vest-Agder), frå Klepp, Sola, Rennesøy og Karmøy (Rogaland) og frå Stord (Hordaland).
Den globale utbreiinga er vesteuropeisk, frå Spania og Portugal nord til Noreg, og austover i Østersjøområdet til Baltikum og sørlege Finland.
Kommentarar
Dansk skjørbuksurt er nokså sjeldsynt i Noreg, men i Danmark har arten hatt ei sterk spreiing i seinare tid langsmed vegar innover i landet (sjå Hartvig 2015). Kanskje kan vi vente ei liknande utvikling lengst sør i Noreg òg.
Forvekslingar
Skjørbuksurt-artane liknar mykje på kvarandre, men dansk skjørbuksurt er mest ulik dei andre Cochlearia-artane og blir ikkje mykje forveksla med desse. Dansk skjørbuksurt er eittårig og har tydeleg skaft på dei øvre stengelblada, medan dei andre artane er to- eller fleirårige og har sitjande stengelblad. Hos dansk skjørbuksurt har grunnblada trekanta plate og visnar tidleg, medan dei har meir rund eller nyreforma plate og sit på lenge hos dei andre artane. Dei 3- til 7-flika stengelblada er elles eit særkjenneteikn for dansk skjørbuksurt.
Kjelder
Chater AO, Heywood VH, Wyse Jackson PS og Akeroyd JR (1993). Cochlearia L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 378–380.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Nordal I, Eriksen AB, Laane MM og Solberg Y (1986). Biogeographic and biosystematic studies in the genus Cochlearia in Northern Scandinavia. Symbolae Botanicae Upsaliensis 27,2: 83–93.
Nordal I og Stabbetorp OE (1990). Morphology and taxonomy of the genus Cochlearia (Brassicaceae) in Northern Scandinavia. Nordic Journal of Botany 10: 249–263.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Dansk skjørbuksurt Cochlearia danica L. www.artsdatabanken.no/Pages/345554. Lasta ned <dag.månad.år>.