Orientsennep er framand, hovudsakleg komen inn frå Middelhavsområdet med ballastjord og korn. Arten er i tilbakegang, men han kan framleis vere bufast nokre stader.

Kjenneteikn

Orientsennep er eittårig og med opprette eller oppstigande stenglar opptil 60 cm. Stengelen er snau eller grissent håra med lange, granne og sprikjande hår. Grunnblada og dei nedre stengelblada er pilforma med 3–4 par korte, trekanta flikar og stor, brei endeflik; dei øvre stengelblada har smal endeflik og eit par sideflikar, eller dei er linjeforma. Blomestanden er ein klase der blomar og knoppar sit om lag jamhøgt med toppen av dei unge skulpene. Kronblada er om lag 7–10 mm lange og bleikgule, om lag dobbelt så lange som begerblada. Frukta er ei 4–10 cm lang og trinn langskulpe som sit på eit 4–8 mm langt, sprikjande skaft som er opp mot jamtjukt med skulpa. Skulpa er strihåra og rak med jamne ribber. Griffelen er om lag 1,5 mm lang. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 0,7–1,4 mm lange.

Kromosomtal

Orientsennep er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Orientsennep er framand og komen inn med ballastjord, men oftare med korn ved møller. Han vart først funnen på ballastplassen i Grønlia i Oslo i 1900. Han veks på ulike typar skrotemark og kan vere bufast nokre stader i nemoral og boreonemoral sone. Han er funnen i Gran (Oppland) og i kyststrøk frå Hvaler og Moss (Østfold) og Oslo til Osterøy (Hordaland), i Jølster (Sogn og Fjordane), Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag), Vefsn (Nordland) og i Kvæfjord (Troms). Vi trur at han har vore bufast fleire stader og kanskje framleis kan vere det nokre få stader i nemoral og boreonemoral sone. Han er funnen over lengre periodar, med første og førebels siste registreringsår, i: Moss 1967 og 1981 (mølle), Oslo 1900–2003 (fleire stader, ballastplassar og møller), Larvik (Vestfold) 1965–2014 (møller), Skien (Telemark) 1906–90 (mølle), Kristiansand (Vest-Agder) 1904–81 (møller), i Rogaland i Stavanger 1967–2002 (møller) og Strand 1927–78 (Tou mølle), i Hordaland i Bergen 1919–69 (mølle og anna) og Vaksdal 1918–66 (mølle), og i Sør-Trøndelag i Skaun 1920–68 (Pienes mølle i Buvika) og Trondheim 1951–76 (mølle og avfallsplass).

Orientsennep er heimleg i Middelhavsområdet og austover i Asia til vestlege Himalaya.

Kommentarar

Som ein ser av utbreiinga, kom orientsennep frå først av inn med ballastjord, men sidan kom han om lag berre med korn ved møller og blei litt spreidd ut til avfallsplassar og stader der avfall etter reinsing av kornet blei brukt som hønsefôr (både på Vestlandet og i Trøndelag). Det er tenkjeleg, men ikkje svært sannsynleg, at hyppig innførsel er årsak til at denne eittårige arten har vorte funnen over så lang tid på fleire mølleplassar. Vi trur heller at han har hatt frøformeiring, òg av di han fleire stader er funnen lenge etter at det var slutt på drifta ved møllene (til dømes i Larvik). Han er nok no på veg ut av norsk flora.

I ein revisjon av norsk herbariemateriale, tenkt for Flora Nordica, delte Thomas Karlsson materialet på to underartar: gateorientsennep subsp. subhastatum, som var den minst sjeldsynte, og mølleorientsennep subsp. orientale, som han fann nokre få stader i Sør-Noreg og dessutan i No Vefsn. Vi har ikkje funne kjelder for skiljekarakterar mellom desse to, og difor nemner vi dei berre her i forbifarten. Vi har heller ikkje funne nokon publikasjon av namnekombinasjonen subsp. subhastatum (bygd på Sisymbrium subhastatum Hornem.).

Forvekslingar

Orientsennep kan bli forveksla med ei rekkje andre gulbloma krossblomar, særleg andre Sisymbrium-artar. Han skil seg frå kjempesennep Sisymbrium altissimum i at blada er mykje mindre oppdelte og at skulpa er strihåra; hos kjempesennep har blada smale, linjeforma flikar (i alle fall dei øvre) og skulpa er snau. Frå strisennep Sisymbrium loeselii skil han seg mellom anna i at skulpa er om lag jamtjukk med skulpeskaftet og lengre; hos strisennep er ho tjukkare enn skulpeskaftet og oftast berre 2–6 cm lang. Strisennep har dessutan alltid stive, nedvende hår nedst på stengelen, noko orientsennep ikkje har. Frå blanksennep Sisymbrium irio skil han seg i dei same trekka. Elles kan han likne på kverngull Erysimum repandum, men denne arten har greina (malpighiske) hår, og han kan likne på artar av kålslekta Brassica og på lakksennep Coincya monensis, men begge desse slektene har eit tydeleg nebb på frukta, noko artar av Sisymbrium-slekta manglar.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Sisymbrium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 667–671.

Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Orientsennep Sisymbrium orientale L. www.artsdatabanken.no/Pages/345676. Lasta ned <dag.månad.år>.