Villreddik
Raphanus raphanistrum
Villreddik er stamarten som hagereddik Raphanus sativus truleg er blitt foredla frå. I Noreg er villreddik no kjent med tre underartar: åkerreddik, som er framand og ein ugrasplante i åker og på kulturmark; havreddik, som er ein heimleg nykommar på havstrand; og landrareddik, som er ein framand, tilfeldig og svært sjeldsynt plante på skrotemark.
Kjenneteikn
Villreddik er eitt- eller fleirårig, med grann rot og ingen stengelknoll ved grunnen. Grunnblada er djupt delte med stor endeflik; stengelblada er frå heile til djupt delte. Både stengel og blad er stivhåra. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg nokså mykje i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte. Kronblada er store, 10–25 mm, og gule til bleikgule, meir sjeldan kvite eller rosa, med mørke årer. Skulpa er ei perlesnor-forma leddskulpe danna frå griffeldelen av frukta, med eit ledd ved grunnen. Dette leddet markerer grensa mellom den nedre delen av skulpa (veggdelen, som her ikkje er utvikla) og den øvre delen (griffeldelen). Det vil seie at skulpa hos reddikslekta Raphanus berre har frø i griffeldelen, der det ikkje er skulpeveggar som fell av, oftast med fleire fertile ledd, dvs. ledd som kvart inneheld eitt frø. Nebbet på skulpa er lang og grant. Ledda opnar seg ikkje og vert spreidde heile, oftast eitt for eitt.
Kromosomtal
Arten er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Økologi og utbreiing hos dei tre underartane er så ulik at dette berre blir omtala under underartane. Arten er utbreidd som heimleg i Europa (opphaveleg i sør og vest), Nord-Afrika og Vest-Asia.
Arten villreddik er formrik, med fem underartar rapporterte frå Europa (Chater 1993). Tre av desse er funne i Noreg: åkerreddik subsp. raphanistrum er framand og eit nokså vidt utbreidd åkerugras som truleg kom med tidleg jordbruk; havreddik subsp. maritimus er ein nyinnvandra, heimleg havstrandplante i sør; og landrareddik subsp. landra er ein svært sjeldsynt og tilfeldig framand plante.
Forvekslingar
Villreddik kan minne om fleire andre gulbloma krossblomar, og særleg om dei to andre som er vanlege å sjå i åker og på kulturmark: åkersennep Rhamphospermum arvense og åkerkål Brassica rapa subsp. campestris. Begge desse har skulpe der frøa sit i veggdelen, skilde av ein hinnetynn skiljevegg, og der skulpa opnar seg ved at veggane fell av og slepp ut frøa, og begge har mindre kronblad enn villreddik, reint gule og utan mørke årer. Åkersennep har sprikjande begerblad som lett fell av; åkerkål har noko sprikjande begerblad, medan villreddik har opprette begerblad. Dei øvre stengelblada hos åkerkål har stengelomfattande grunn, medan både åkersennep og villreddik har skafta blad. Åkerkål er dessutan om lag snau, medan både åkersennep og villreddik er grissent strihåra.
Kjelder
Chater AO (1993). Raphanus L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 417.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Raphanus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 438–440.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Villreddik Raphanus raphanistrum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345647. Lasta ned <dag.månad.år>.