Lakksennep er ein framand art komen inn med ballastjord og med korn ved møller. Han har stundom vore bufast, oftast på havstrand, og er framleis til stades minst éin stad i Noreg, i Mandal.

Kjenneteikn

Lakksennep er ein eitt- til fleirårig plante, opptil 60 cm høg. Stengelen er greina, og nedst er han strihåra med ugreina hår. Grunnblada og stundom dei nedre stengelblada er tynne og buktflika til fjørdelte med 3–5 par tanna flikar. Dei nedre stengelblada er grissent håra. Blomane sit i ein oftast ugreina klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 15–20 mm lange, gule og med mørke striper, og dei har eit tydeleg, nokså langt skaft. Frukta er ei linjeforma langskulpe på sprikjande skaft, utan tydeleg fruktfeste (karpofor) øvst på skaftet. Skulpa er 3–9 cm lang, med éi rekkje frø i kvart skulperom, og med eit nebb (griffeldelen) som er 0,5–2,5 cm langt, flatt, bøygd og spisst. Skulpeveggane har tre tydelege nervar.

Kromosomtal

Lakksennep er diploid (stundom tetraploid) med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 12 (24). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Arten er framand og blei først funnen i Noreg i 1903, “Paa en holme i Lysakerelven ovenfor Bakken, Vestre Aker”, dvs. i Oslo. I 1907 blei han funnen ved Jardammen i Lysaker (Oslo/Bærum, òg i 1908 og 1925), i 1915 og 1917 ved møllene på Torshov i Oslo, og så seint som i 1972 på Ostøya i Bærum (Akershus). Han har tydelegvis vore bufast i Oslo/Bærum i nesten 70 år og kan framleis vere til stades. Bakgrunnen for funnet på Torshov er opplagt innførsel med korn, for funna i Lysaker og elles i Bærum òg truleg med korn. I 1993 blei arten funnen nær Harkmark kjerke i Mandal (Vest-Agder, nokre funn angjeve som Harkmark mølle), og her var han til stades så seint som i 2022, opplagt med ein reproduserande og bufast bestand (i nemoral sone). Denne forekomsten har òg mest truleg samanheng med innførsel med korn.

Lakksennep er elles utbreidd i Vest-Europa og Nordvest-Afrika. Globalt er arten oftast knytt til berg og til havstrand.

Kommentarar

Lakksennep er ein formrik art. Flora Europaea (Heywood mfl. 1993) reknar med seks underartar i Europa, og Plants of the World Online (POWO) reknar med åtte underartar totalt. Det norske materialet er blitt ført til subsp. cheiranthos (Vill.) Aedo, Leadlay & Muñoz Garm. (Rhynchosinapis cheiranthos (Vill.) Dandy) som er utbreidd som heimleg i Vest-Europa frå Tyskland og Belgia sør til Spania og Portugal og over til Marokko i Nordvest-Afrika.

Forvekslingar

Lakksennep skil seg frå blygsennep i at sistnemnde har smale, langskafta og bleikgule kronblad med noko fiolett grunn. For forvekslingar med andre gule krossblomar med langskulper, sjå lakksennepslekta.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Heywood VH, Leadlay EA og Akeroyd JR (1993). Coincya Rouy. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 411–412.

Leadlay EA og Heywood VH (1990). The biology and systematics of the genus Coincya (Cruciferae). Botanical Journal of the Linnean Society 102: 313–398.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Lakksennep Coincya monensis (L.) Greuter & Burdet. www.artsdatabanken.no/Pages/345560. Lasta ned <dag.månad.år>.