Polarreddik
Eutrema edwardsii
Polarreddik er ein plante det alltid er morosamt å sjå på Svalbard. Han veks på baserik grunn og om lag alltid på stader der det òg er andre spanande plantar. Det er interessant at arten, som kanskje starta si utbreiing i Himalaya, har kome seg heilt til Arktis og Svalbard, som den einaste i si slekt.
Kjenneteikn
Polarreddik er ei fleirårig, om lag heilt snau urt (stundom med nokre få ugreina hår) med ei kraftig rot som er eit lagringsorgan. Planten er oftast mindre enn 10 cm høg. Storparten av blada sit ved grunnen, og desse er heile, litt tjukke, med eit tydeleg og stundom langt og vengjekanta skaft. Bladplata er frå smalt eggforma til om lag rund, med breitt kileforma til om lag tverr grunn. Dei 3–5 stengelblada er mykje mindre og er avlange med kileforma grunn. Blomestanden er ein klase som er svært kort når han blømer, men som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Blomane er små (2–4 mm i diameter), med kronblad som er kvite og opprette og 2,3–2,7 mm lange. Frukta er ei kort langskulpe, 5–8 mm lang og 1–1,2 mm brei, med skulpeveggar med éin nerve. Ho sit på eit kort skaft (1–3 mm) som sprikjer lite ut frå stengelen. Frøa sit i éi rekkje (sjeldan to rekkjer) i kvart skulperom, og frøa har ein smal vengjekant.
Kromosomtal
Polarreddik har grunntal x = 7 (kanskje ein sjeldan gong 9) og er tetraploid (Grønland, Nord-Amerika og Nordaust-Asia), heksaploid (Nord-Europa, Nord-Amerika og Sibir) og oktoploid (Alaska), med kromosomtala 2n = 28, 42 og 56. Variasjonen i kromosomtal tyder på at det kan vere ein enno ikkje utgreidd taksonomisk variasjon innanfor arten. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Polarreddik er heimleg og veks i tundra og polygonmark med lite annan vegetasjon, alltid på baserik grunn med jamn fukt og kor det ligg noko snø. Utbreiinga ligg i mellom- og nordarktisk sone. Arten veks på Svalbard, særleg på Spitsbergen, men kanskje òg på Edgeøya, og han er særleg hyppig i baserike område nord for Isfjorden.
Den globale utbreiinga omfattar om lag heile Arktis, og arten går sørover i boreale fjell i Nordaust-Asia og vestlege Nord-Amerika, med isolert førekomst i Colorado. I Asia er han rapportert heilt sør til Himalaya (der han truleg spreidde seg ut frå).
Kommentarar
Polarreddik er formrik, og plantane i Nordaust-Asia og Nord-Amerika er ofte mykje større og har gjennomgåande andre kromosomtal enn dei i arktisk Europa (sjå Elven mfl. 2011). Det er mogeleg at ei molekylær og genetisk undersøking ville syne at det kan vere fleire rasar, men inga slik undersøking er førebels gjort.
Forvekslingar
Polarreddik kan knapt bli forveksla med nokon annan norsk krossblome.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Eutrema R. Brown. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 555–556.
Ball PW (1993). Eutrema R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 322.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Polarreddik Eutrema edwardsii R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/345606. Lasta ned <dag.månad.år>.