Sylbladslekta har berre to artar, vår sylblad, som er vidt utbreidd på den nordlege halvkula, og éin art i tropisk Afrika.

Plantane er snaue, eittårige vassplantar. Alle blada er grunnstile og smalt linjeforma til trådforma. Begerblada er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er kvite og ørsmå, berre litt lengre enn begerblada. Frukta er ei kortskulpe, noko oppblåsen, med skulpeveggen på langs, og med ein nokså tydeleg midtnerve. Det er 2–9 frø i kvart skulperom, og dei sit i to rekkjer.

Sylbladslekta har berre to artar, sylblad Subularia aquatica, som er vidt utbreidd på den nordlege halvkula, og ein annan art, Subularia monticola A.Braun ex Schweinf., som er utbreidd i tropisk Afrika frå Etiopia sør til Tanzania og i Zaïre. Dei to artane av Subularia liknar svært mykje på kvarandre, men det er eit solid gap mellom dei geografisk. Vår sylblad er sjeldsynt i Sør-Europa og ikkje kjend frå Afrika, medan Subularia monticola har ei tropisk afrikansk utbreiing.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Subularia Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 509–510.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Mulligan GA og Calder JA (1964). The genus Subularia (Cruciferae). Rhodora 66: 127–135.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Tutin TG (1993). Subularia L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 403.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Sylbladslekta Subularia L. www.artsdatabanken.no/Pages/313815. Lasta ned <dag.månad.år>.