Amursennep er framand og truleg komen inn som hageplante og forvilla. Han er berre funnen i svært korte periodar i Oslo og Bergen på 1900-talet og er ikkje funnen i Noreg på om lag 30 år.

Kjenneteikn

Amursennep er ei nokså grovvaksen, fleirårig urt som kan bli opptil 1 m høg. Stenglane er opprette, greina øvst og snau eller noko strihåra ved grunnen med korte, stive og tjukke hår som er sprikjande eller litt nedvende. Dei nedre stengelblada har tydeleg skaft og ei breitt eggforma til lansettforma plate som er kileforma til hjarteforma ved grunnen, tanna i kanten og spreidd (oversida) til tett håra (undersida); dei øvre stengelblada er smalare. Blomestanden er ein klase der dei nedre blomane har støtteblad. Blomar og knoppar sit på om lag same høgda som toppen av dei unge fruktene. Kronblada er klårt gule, 12–16 mm lange og tydeleg lengre enn begerblada. Frukta er ei grov, 8–14 cm lang, langskulpe med avrunda firkanta tverrsnitt, og ho sit på eit 7–16 cm langt, grant og sprikjande skaft. Skulpa er snau og glatt, og med tydelege nervar. Griffelen er kraftig og oftast 1–2 mm lang. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 1,3–2,3 mm lange.

Kromosomtal

Amursennep er tetraploid (sjeldan diploid), med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 28 (14). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Amursennep er framand og truleg innført som prydplante. Han er funnen forvilla nær Botanisk hage på Tøyen i Oslo i 1933–35 og i Hellevegen nær Handelshøgskola i Bergen (Hordaland) i 1993–94. I Oslo er han nok borte. Vi veit ikkje om han framleis er til stades i Bergen.

Artens heimlege utbreiing er i Aust-Asia: i Nord-Kina, Korea, Japan og i Amur-provinsen i Russlands fjerne austen.

Forvekslingar

Amursennep og stivsennep Sisymbrium strictissimum skil seg frå dei andre Sisymbrium-artane i at dei er svært grovvaksne og fleirårige med både blomestenglar og med vegetative bladskott (utan blomestenglar) ved grunnen. Amursennep har 12–16 mm lange kronblad og opptil 14 mm lang skulpe, medan stivsennep har berre 4–10 mm lange kronblad, men ei skulpe som oftast er 30–80 mm lang.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Tai-Yien C, Lianli L, Guang Y, Al-Shehbaz IA og Dorofeev V (2001). Brassicaceae Burnett. I ZY Wu og PH Raven (red.), Flora of China 8. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=2&taxon_id=10120

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Amursennep Sisymbrium luteum (Maxim.) O.E.Schulz. www.artsdatabanken.no/Pages/345674. Lasta ned <dag.månad.år>.