Møllesennep er ein framand art som er komen til Noreg med nordamerikansk korn. Han er berre funnen tre gonger ved to møller i Østfold og Telemark.

Kjenneteikn

Møllesennep er eittårig og spreidd til tett håra med sprikjande, uregelrett fleirgreina (dendroide) hår og ofte med vorteforma kjertlar. Han kan bli opptil 60 cm høg, men dei plantane som er funne i Noreg, er ungplantar utan fullt utvikla stenglar og utan frukt. Blada er 1–2 gonger finna med heile eller tanna småblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet, med sprikjande fruktskaft. Kronblada er 1–3 mm lange og frå lysgule til kremkvite. Frukta er ei smalt klubbeforma (breiast øvst) til linjeforma langskulpe, og ikkje knudrete. Ho sit på eit sprikjande til noko nedbøygd skaft. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.

Kromosomtal

Møllesennep er di- og tetraploid (ein sjeldan gong kanskje heksaploid) med grunntal x = 7 og kromosomtala 2n = 14, 28 (42). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Møllesennep er framand og berre funnen på skrotemark ved møller. Det sikraste funnet er ved mølla på Bøleveien i Skien (Telemark) i 1968. Plantar funne ved Moss Aktiemøller i 1973 og ved Kambo mølle i 1971 i Moss (Østfold), er svært unge, ikkje mogleg å identifisere sikkert, men kan høyre til denne arten. Dei er berre bestemde til slekta Descurainia. Arten har kome til Noreg med nordamerikansk korn.

Arten er heimleg og vanleg i om lag heile Nord-Amerika sør for Arktis og i nordlege Mexico. Han er berre funnen nokre få stader elles i Europa.

Kommentarar

Møllesennep er ein svært formrik art med seks aksepterte underartar (sjå Goodson og Al-Shehbaz 2010). Det er ikkje kjent kva for underart(ar) det norske materialet kan tilhøyre, og for plantane frå Moss er det heller ikkje mogeleg å finne ut. Dei er for lite utvikla.

Forvekslingar

Møllesennep skil seg frå dei to andre Descurainia-artane i dei vorteforma kjertlane på stengel og blad, og i at han har to rekkjer frø i kvart skulperom, medan dei to andre har berre éi rekkje.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Goodson BE og Al-Shehbaz IA (2010). Descurainia Webb & Berthelot. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 518–529.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Møllesennep Descurainia pinnata (Walter) Britton. www.artsdatabanken.no/Pages/345566. Lasta ned <dag.månad.år>.