Om ein finn skjørbuksurt i kjelder i fjellsidene langsmed kysten i Nord-Noreg, er det ofte rasen kjeldeskjørbuksurt. Han er dokumentert frå Brønnøy på Sør-Helgeland (Nordland) til Aust-Finnmark, og særleg i ytre strøk.

Kjenneteikn

Kjeldeskjørbuksurt er oftast fleirårig, noko som inneber at ein ofte finn restar etter førre årets blomestenglar på planten. Grunnblada har ofte nyreforma plate, det vil seie at plata er litt breiare enn lang. Stengelblada er oftast smale. Kronblada er litt mindre enn hos dei andre rasane, 3,5–4,5 mm lange. Skulpa er nokså stor og kulerund til elliptisk. Planten har skarp reddiksmak.

Kromosomtal

Kjeldeskjørbuksurt er tetraploid med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kjeldeskjørbuksurt veks i kjelder og på andre stader med sigevatn, frå sjønivå og høgt opp i fjellet, i nordboreal til subarktisk sone og i låg- til mellomborealt belte (funnen til 1100 moh. i Sortland, Nordland), i fjellet ofte òg i våte snøleie. Han er ikkje spesielt knytt til næringsrike stader, men han veks saman med strandskjørbuksurt i fuglefjell. Det er nokre få dokumenterte førekomstar i Helgeland (frå Brønnøy og nordover) og i Salten, men det er først frå Lofoten og nordaustover det blir mykje av han, heile vegen til Aust-Finnmark og vidare iallfall på nordvestkysten av Kolahalvøya. Utanfor dette området er han ikkje funnen.

Forvekslingar

Kjeldeskjørbuksurt skil seg frå dei to andre rasane (strandskjørbuksurt subsp. officinalis og fjordskjørbuksurt subsp. norvegica) i at han oftast er fleirårig, og difor sit det ofte att restar frå fjorårets blomestenglar. Dei to andre er (eitt- til) toårige og blømer berre éin gong. Kronblada er òg litt kortare hos kjeldeskjørbuksurt enn hos dei to andre (3,5–4,5 mm mot 4–7 mm). For forvekslingar med andre Cochlaria-artar, sjå arten Cochlearia officinalis.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Nordal I, Eriksen AB, Laane MM og Solberg Y (1986). Biogeographic and biosystematic studies in the genus Cochlearia in Northern Scandinavia. Symbolae Botanicae Upsaliensis 27,2: 83–93.

Nordal I og Laane MM (1990). Cytology and reproduction in Arctic Cochlearia. Sommerfeltia 11: 147–158.

Nordal I og Laane MM (1996). Taxonomic delimitation within Cochlearia officinalis s. lat. with particular discussion on the rank of C. anglica (Brassicaceae). Symbolae Botanicae Upsaliensis 31,3: 47–57.

Nordal I og Stabbetorp OE (1990). Morphology and taxonomy of the genus Cochlearia (Brassicaceae) in Northern Scandinavia. Nordic Journal of Botany 10: 249–263.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kjeldeskjørbuksurt Cochlearia officinalis subsp. integrifolia (Hartm.) Nordal & Stabb. www.artsdatabanken.no/Pages/345557. Lasta ned <dag.månad.år>.