Vårskrinneblom er heimleg. Han er kjerneplanten for undersøkingar av kromosom, mutasjonar og variasjon i gensekvensar hos plantar og er på ein måte planteverdas bananfluge, Drosophila. Han var den første plantearten der heile genomet blei sekvensert (i 2000). Om ein har lyst til å sjå ei rotfesta ‘bananfluge’, er arten vanleg i låglandet og dalføra nord til Trøndelag, og førekjem spreidd vidare til Troms.
|
Reidar Elven
|
Hanne Hegre
|
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
|
FlowerPower