Skjørbuksurtslekta er nokså komplisert taksonomisk, men ho er lett kjenneleg morfologisk på at plantane er heilt snaue med langskafta grunnblad med meir eller mindre avrunda bladplate, kvite (eller sjeldan rosa) blomar med godt synlege kronblad, og tjukke, avrunda eller elliptiske frukter (kortskulper). I Fastlands-Noreg er desse oftast havstrandplantar, men i Arktis er dei lite knytt til havstrand og går langt inn i landet og høgt til fjells. Fire artar er funne i Noreg: éin på Svalbard og Jan Mayen og tre i Fastlands-Noreg.

Skjørbuksurtslekta er kjent med fire artar hos oss. På fastlandet er desse oftast havstrandplantar, men i Arktis går dei langt inn i landet og opp i fjellet.

Skjørbuksurt-artane er eitt-, to- eller fleirårige, snaue urter. Plantane er liggjande til opprette. Grunnblada sit i ein rosett og er langskafta og med kort, brei plate som er heil eller svært grunt tanna. Dei er oftast saftfulle. Stengelblada er meir trekanta og meir kortskafta eller sitjande og kan vere heile, tanna eller flika. Blomane sit i ein kort klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er oppstigande og utan sekkforma grunn. Kronblada er kvite (sjeldan rosa). Frukta er ei tjukk kortskulpe, frå om lag kulerund til noko elliptisk eller eggforma, og med ein skiljevegg som i prinsippet sit på tvers, men det er ikkje lett å sjå så tjukk som skulpa er. I skulpa sit frøa i to rekkjer i kvart skulperom.

Globalt er Cochlearia-artane oftast knytt anten til havstrand eller til berg (men her er dei arktiske plantane eit unnatak). Slekta omfattar 15–20 artar på verdsbasis og er utbreidd over heile den nordlege halvkula: i Europa, Asia, Nord-Amerika og Grønland.

Det har vore ein del styr om dei to grunn-kromosomtala i slekta, x = 6 og 7. Löve og Löve (1976) fann grunntalet x = 7 i nokre nordlege plantar og publiserte ei ny slekt på grunn av dette: Cochleariopsis Á.Löve & D.Löve. Eit problem var at dei artane dei publiserte som Cochleariopsis, knapt kunne skiljast frå Cochlearia på morfologiske kjenneteikn. Seinare forfattarar har utan noko problem akseptert at det er to grunntal i denne slekta (som i mange andre slekter), og dei beskriv Cochlearia som ei nokså einsforma slekt.

Cochlearia-artane kan ikkje forvekslas med andre krossblomar; dei er heilt snaue og vidare særprega med sine langskafta grunnblad, avrunda bladplater og meir eller mindre runde, tjukke skulper.

Grunnblada sit i ein rosett og er langskafta, heile - som her - eller svært grunt tanna og med kort, brei plate.

Blomane sit i ein kort klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er oftast kvite. Frukta er ei tjukk kortskulpe, frå om lag kulerund til noko avlang.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Koch M (2010). Cochlearia Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 514–516.

Chater AO, Heywood VH, Wyse Jackson PS og Akeroyd JR (1993). Cochlearia L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 378–380.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Löve Á og Löve D (1976). Nomenclatural notes on arctic plants. Botaniska Notiser 128: 497–523.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Skjørbuksurtslekta Cochlearia L. www.artsdatabanken.no/Pages/313781. Lasta ned <dag.månad.år>.