Vårkarse er framand og truleg komen inn med korn. Han er sikkert funnen berre éin stad i Noreg, ved mølla i Vaksdal i Hordaland i 1963. Arten er neppe bufast nokon stad i dag. Vårkarse er heimleg i Sørvest-Europa.

Kjenneteikn

Vårkarse er ein toårig plante, snau eller grissent håra med ugreina hår, og med opprette stenglar opptil 75 cm. Grunnblada er djupt flika med 6–10 par sideflikar og ein større endeflik. Stengelblada, inkludert dei øvste heilt opp i blomestanden, er òg djupt flika med mange par sideflikar. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er snaue, òg i knoppstadiet. Kronblada er 5,6–8 mm lange, mykje lengre enn begerblada, og gule. Frukta er ei nokså grann langskulpe på eit kort skaft som er om lag jamtjukt med skulpa. Skulpa er (35–)40–70 mm lang og har ein kort griffel på 0,6–2 mm.

Kromosomtal

Vårkarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vårkarse er framand og truleg berre komen inn med korn éin gong i Noreg. Han har òg tidlegare vore dyrka som grønsakplante. Arten er sikkert rapportert berre frå éin stad i Noreg, ved mølla i Vaksdal (Hordaland) i 1963. Sjå 'Kommentarar' for lagnaden til tidlegare rapportar frå Røyken i Buskerud og frå Skarpsno i Oslo.

Vårkarse er heimleg i Sørvest-Europa frå Portugal til Frankrike og Italia.

Kommentarar

Vårkarse er så pass lik vinterkarse at dei to kan bli forveksla til ein viss grad, og ingen bryr seg om å samle eller dokumentere vinterkarse lenger. Det er difor mogeleg at arten finst fleire stader i Noreg enn vi veit. På 1930-talet sette Jens Holmboe ein student på ei hovudfagsoppgåve kring vinterkarsane, men den morfologiske undersøkinga til Signe Fransrud, frå 1933, blei aldri publisert, og vi veit ikkje meir om dei enn ho gjorde.

Arten var tidlegare rapportert frå gardane Fossum og Bø i Røyken (Buskerud) med 31 års opphald, noko som gav opphav til ein mistanke om at arten kunne ha vore – og kanskje framleis var – bufast her. Våren 2024 tok forfattarane ein tur til Røyken og området kring desse gardane utan å finne vårkarse. Dei fann derimot ei mengd vinterkarse med nokså stor variasjon i bladfliking og -oppdeling, og fleire av desse plantane var heilt like dei som var samla herifrå tidlegare. Ein plante namnsett som vårkarse frå Skarpsno i Oslo i 1970 er heilt typisk bogevinterkarse Barbarea vulgaris var. arcuata.

Forvekslingar

Vårkarse kan bli forveksla med frynsevinterkarse Barbarea intermedia og vinterkarse Barbarea vulgaris. Han skil seg frå frynsevinterkarse i lengre frukter (oftast meir enn 40 mm mot mindre enn 40 mm) og større kronblad (meir enn 5,6 mm mot opptil 5,6 mm). Frå vinterkarse skil han seg i dei djupt mangeflika øvste stengelblada (heilt opp i blomestanden) og i mykje tjukkare fruktskaft.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Barbarea W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 460–463.

Ball PW (1993). Barbarea R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 342–343.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1987). The genus Barbarea R.Br. (Cruciferae) in Britain and Ireland. Watsonia 16: 389–396.

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vårkarse Barbarea verna (Mill.) Asch. www.artsdatabanken.no/Pages/345511. Lasta ned <dag.månad.år>.