Vegsennepslekta
Sisymbrium
Vegsennepslekta er ei slekt vidt utbreidd i store delar av Europa, Afrika, Asia og vestlege Nord-Amerika, med mellom 40 og 50 artar. I Noreg er ni artar funne, alle framande og truleg først komne inn frå 1700-talet og frametter.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Vegsennep-artane er eitt- til fleirårige urter, snaue eller ofte håra med ugreina hår. Stenglane er opprette og oftast greina. Blada er heile eller buktflika til finna og utan øyre ved bladgrunnen. Blomestanden er ein klase som kan strekkje seg mykje i fruktstadiet. Blomane er oftast små til nokså små og med gule eller bleikgule kronblad. Skulpa er ei lang og smal langskulpe, nokså trinn og utan nebb, men med ein kort og tjukk griffel. Skulpeveggane er oftast 3-nerva. Det sit éi rekkje frø i kvart skulperom.
Alle vegsennep-artane er komne inn med ulike transportar. Dei er sterkt knytte til kulturmark og skrotemark, men eit par av dei er noko naturaliserte i mindre påverka naturtypar. Dei er særleg utbreidde i låglandet og i kyst- og fjordstrøk nord til Sogn, men nokre har spreidde funn nordover til Nord-Noreg.
Globalt er slekta utbreidd i heile Europa (men berre som framand i nord), i om lag heile Asia unnateke Søraust-Asia, i Nord-, Aust- og Sør-Afrika, i vestlege Nord-Amerika og i Australia
Slekta er mangeforma og vanskeleg å karakterisere. Ball (1993) deler dei europeiske artane på fire seksjonar, med følgjande norske artar: seksjon Velarum med vegsennep Sisymbrium officinale; seksjon Sisymbrium med kjempesennep Sisymbrium altissimum og orientsennep Sisymbrium orientale; seksjon Irio med wienersennep Sisymbrium austriacum, blanksennep Sisymbrium irio, strisennep Sisymbrium loeselii og volgasennep Sisymbrium volgense; og seksjon Norta med stivsennep Sisymbrium strictissimum. Den siste av artane som er funne i Noreg, amursennep Sisymbrium luteum, er ikkje nemnd hos Ball, og vi veit ikkje kva for seksjon han høyrer til. Ball rekna òg med ein seksjon Kibera med krypkarse Sisymbrium supinum, men denne arten er no ført over til svinesennepslekta Erucastrum som Erucastrum supinum.
Det er mange krossblomar med langskulpe. Kombinasjonen av gule kronblad, ei trinn skulpe utan nebb og med frø i berre éi rekkje i kvart skulperom, alle eller i alle fall øvre blad utan bladøyre, ein blomeklase utan støtteblad, og berre ugreina hår (ikkje greina hår eller stjernehår), skil Sisymbrium frå andre slekter. Den mest nærskylde slekta er hundesennepslekta Descurainia, men ho har uregelrett fleirgreina (dendroide) hår.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Sisymbrium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 667–671.
Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Vegsennepslekta Sisymbrium L. www.artsdatabanken.no/Pages/313814. Lasta ned <dag.månad.år>.