Hønsereddikslekta
Chorispora
Hønsereddikslekta er ei nokså lita slekt med 11–13 artar utbreidde hovudsakleg i Nord- og Mellom-Asia og noko inn i Aust-Europa. Éin art er funnen som framand og svært sjeldsynt i Noreg, sist funnen i 1981: hønsereddik.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane er eittårige, sjeldan fleirårige urter, oftast med kjertlar, og dei er snaue eller håra. Stordelen av blada sit ved grunnen. Dei er bukttanna eller flika. Blomestandane strekkjer seg mykje i frukt. Begerblada er oftast svært smale og tiltrykte. Kronblada er mykje lengre enn begerblada og er purpur eller lilla, sjeldan kvite, med eit langt og tydeleg kronbladskaft. Frukta er ei langskulpe på eit kort, sprikjande og tjukt skaft. Ho er knudrete og smalnar til eit spisst nebb. Ho er ei leddskulpe med fleire ledd, kvart med to frø.
Artane veks i tørre område, hovudsakleg i steppe og halvørken, i eit belte frå steppeområda søraust i Europa austover til Sør-Sibir, Mongolia og Kina.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Chorispora R. Brown ex de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 510–511.
Ball PW (1993). Chorispora R. Br. ex DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 371.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Hønsereddikslekta Chorispora R.Br. ex DC. www.artsdatabanken.no/Pages/313779. Lasta ned <dag.månad.år>.