Strandskjørbuksurt
Cochlearia officinalis subsp. officinalis
Strandskjørbuksurt er den skjørbuksurten folk flest har sett. Han veks på om lag alle havstrender med litt grovt materiale i heile Fastlands-Noreg.
Kjenneteikn
Strandskjørbuksurt er ei toårig, eller ein sjeldan gong kanskje eittårig, urt. Planten set ein nokså stor rosett første året og set ein ny rosett og blømer andre året. Rosettblada har nyreforma plate. Stengelblada er oftast nokså breie og har bladgrunn som går kring stengelen. Kronblada er 4–5 mm lange. Skulpa er oftast om lag kulerund. Planten har ein skarp reddiksmak.
Kromosomtal
Strandskjørbuksurt er tetraploid med grunntal x = 6 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Strandskjørbuksurt veks på havstrand og hovudsakleg på noko grovt materiale (sand, grus eller stein), på tangvollar eller i bergsprekkar, men han veks òg i lågvaksen strandeng, særleg dersom enga blir beita (husdyr, villdyr eller fugl). Det er denne rasen som er vanleg i fuglefjell, frå Vestlandet til Aust-Finnmark, og på slike stader kan han gå fleire hundre meter opp frå sjøen (opp til 300 moh. i Værøy, Nordland). Strandskjørbuksurt er ofte den mest dominerande av alle karplantar i dei meir gjødsla delane av fuglefjellet. Planten er elles særleg vanleg der det ligg att tangrestar eller det det er mykje fugl og gjødsling på strandberg, holmar og skjær. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til subarktisk sone og opp i lågalpint belte. Han er vanleg langsmed heile kysten av Fastlands-Noreg, bortsett frå at han blir sjeldsynt eller manglar i fjordbotnar det det kjem ut store elvar og sjøvatnet blir svært brakt.
Globalt er denne rasen utbreidd i heile utbreiingsområdet for arten, frå Frankrike nord til Nord-Russland.
Forvekslingar
Strandskjørbuksurt skil seg frå fjordskjørbuksurt subsp. norvegica i at rosettblada har nyreforma plate og i at stengelblada er breie ved grunnen, medan rosettblada har rombeforma, avlang eller eggforma plate og stengelblada har kileforma grunn hos fjordskjørbuksurt. Blomane er òg litt mindre, med kronblad 4–5 mm lange hos strandskjørbuksurt og 4,5–7 mm lange hos fjordskjørbuksurt, og skulpeformen er litt ulik, oftast om lag kulerund hos strandskjørbuksurt og elliptisk og litt samantrykt hos fjordskjørbuksurt (eit kjenneteikn han har sams med engelsk skjørbuksurt). Ein kjemisk skilnad er at strandskjørbuksurt har sennepsolje-glykosid som gjev ein skarp reddiksmak, medan fjordskjørbuksurt manglar desse og har lite eller ingen smak. Kjeldeskjørbuksurt subsp. integrifolia skil seg frå begge dei andre i at han oftast er fleirårig, og difor sit det ofte att restar av fjorårets blomestenglar. Kronblada er òg litt kortare (3,5–4,5 mm mot 4–7 mm). For forvekslingar med andre Cochlaria-artar, sjå arten Cochlearia officinalis.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Nordal I, Eriksen AB, Laane MM og Solberg Y (1986). Biogeographic and biosystematic studies in the genus Cochlearia in Northern Scandinavia. Symbolae Botanicae Upsaliensis 27,2: 83–93.
Nordal I og Laane MM (1990). Cytology and reproduction in Arctic Cochlearia. Sommerfeltia 11: 147–158.
Nordal I og Laane MM (1996). Taxonomic delimitation within Cochlearia officinalis s. lat. with particular discussion on the rank of C. anglica (Brassicaceae). Symbolae Botanicae Upsaliensis 31,3: 47–57.
Nordal I og Stabbetorp OE (1990). Morphology and taxonomy of the genus Cochlearia (Brassicaceae) in Northern Scandinavia. Nordic Journal of Botany 10: 249–263.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Strandskjørbuksurt Cochlearia officinalis subsp. officinalis. www.artsdatabanken.no/Pages/345559. Lasta ned <dag.månad.år>.