Snørublom
Draba nivalis
Snørublom er ein tøffing som veks på dei mest vindutsette stadene på berg og rabbar i høgfjellet og i Arktis. Heile planten, med unnatak frå skulpene, er dekt av ørsmå stjernehår; det ser nett ut som han har fått eit snødryss over seg.
Kjenneteikn
Snørublom er ei lita og grann urt som og veks i små, tette tuver opptil 8 cm (men oftast mykje lågare). Heile planten opp til blomeskafta og begerblada er oftast gråkvitt håra av ørsmå, kortskafta og rikt greina stjernehår som berre er 0,05–0,15 mm breie. Ein sjeldan gong er blada berre stjernehåra langsmed kanten (og ein svært sjeldan gong ikkje håra i det heile). Blada er oftast butte. Blomestengelen har stundom eitt stengelblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomane er små, med kvite, skrått opprette kronblad som er 2,5–3 mm lange (blomane er halvopne). Frukta er ei smalt elliptisk til avlang, ofte noko halvmånebøygd, kortskulpe som er snau eller ein sjeldan gong håra, med ein kort (0,2–0,3 mm) griffel.
Kromosomtal
Snørublom er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Fleire teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Snørublom er heimleg og veks i berg- og steinsprekkar og på tørr grusrabb i høgfjellet og i tundra, på fastlandet på noko baserik grunn, i Arktis oftare på meir basefattig grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå lågalpint til høgalpint belte i fjellet (opp til 2100 moh. i Lom, Oppland) og frå subarktisk til nordarktisk sone. Han har ei todelt (bisentrisk) utbreiing i fjellkjeda. I sør er han funnen på vestre delar av Hardangervidda i Ullensvang, Eidfjord og Ulvik (Hordaland) og spreidde stader frå Folldal (Hedmark) og Nord-Fron og Vang (Oppland) til Holtålen og Oppdal (Sør-Trøndelag) og Norddal (Møre og Romsdal) og isolert på fjellet Hårskallen i Levanger (Nord-Trøndelag). I nord er han funnen spreidde stader frå Hattfjelldal (Nordland) til Båtsfjord (Finnmark) og noko isolert ute i Lofoten i Flakstad (Nordland). Nokre stader i Båtsfjord og Vardø (Finnmark) veks det ei om lag snau form, og her òg plantar med blad som berre er kanthåra. For utbreiing i Fastlands-Noreg, sjå Bretten (1990). I Arktis veks han spreidde stader på Jan Mayen, medan han er spreidd til vanleg på Svalbard der han veks på Spitsbergen og Nordaustlandet og som noko meir sjeldsynt på Edgeøya og Prins Karls Forland.
Den globale utbreiinga er sirkumpolar, hovudsakleg i nordlege område, men langt sørover i fjella i Nord-Amerika og Asia. Hovudutbreiinga er i Nord-Amerika, på Grønland og lengst nordaust i Asia; han er mykje meir sjeldsynt elles i Asia og i Europa der han er avgrensa til Fennoskandia (austover til vest på Kolahalvøya), Island, Jan Mayen og Svalbard.
Kommentarar
Snørublom er ein uvanleg distinkt art (til å vere ein Draba), men variasjonen i hårklednad er gåtefull. Plantar med blad som berre er kanthåra dukkar opp her og der; vi har sett slike både i Alaska og i Finnmark. Dei kan utgjere lokale populasjonar, men truleg er det berre ein enkel mutasjon som ligg bak dette særtrekket. Denne særprega morfologien førte i si tid til ei samanblanding med lapprublom Draba lactea, og den einaste rapporten av det ein trudde var ein diploid Draba lactea.
Snørublom kan hybridisere med andre artar, og to hybridar er kjende. Hybriden med alperublom, Draba fladnizensis × Draba nivalis, er ein klassikar og har fått namnet Draba ×curtisiliqua J.E.Zetterst. Desse hybridane er sterile og er funne nokre stader i fjellet både i Sør‑ og Nord-Noreg nord til Finnmark og på Svalbard. Hybridar med bergrublom, Draba nivalis × Draba rupestris, er òg sterile og er funne fleire stader i Sør-Noreg, i Sørfold og Tysfjord (Nordland) og kanskje i Bardu (Troms) og Båtsfjord (Finnmark), og på Jan Mayen.
Forvekslingar
Det tette dekket av ørsmå stjernehår gjer at snørublom knapt kan bli forveksla med andre artar. Dei andre stjernehåra Draba-artane har mykje større hår. Avvikande snørublom-populasjonar med stjernehår berre langs kanten har vorte forveksla med lapprublom Draba lactea, men dei fleirgreina håra hos Draba lactea er uregelrette mangegreina (dendroide) hår og ikkje regelrett greina stjernehår som hos Draba nivalis. Snaue utgåver av snørublom kan vere noko krevjande å identifisere.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Bretten S (1990). Draba nivalis Liljebl. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 59–61 + pl. XV.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Grundt HH (2003). The arctic-alpine polyploid Draba lactea and its low-ploid relatives – evolution and taxonomy. Dr. scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Scheen A-C (1999). Molecular and morphological variation in Draba lactea (Brassicaceae) and its putative progenitors in Svalbard. Cand. scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Snørublom Draba nivalis Lilj. www.artsdatabanken.no/Pages/345589. Lasta ned <dag.månad.år>.