Sumpkarse er ein heimleg og nokså vanleg plante på våte stader i låglandet og dalføra i stordelen av Noreg. Han er mykje mindre knytt til kulturmark enn det den nærskylde slektningen engkarse er.

Sumpkarse er ein heimleg og nokså vanleg plante på våte stader i låglandet og dalføra i stordelen av Noreg.

Kjenneteikn

Sumpkarse er ei fleirårig urt med trinne, ugreina stenglar opptil 40 cm. Planten har ein rosett av finna blad med oftast 6–8 par tydeleg skafta, tynne, elliptiske eller avrunda småblad som er litt tanna, litt håra og har noko heva nervar. Endesmåbladet er oftast om lag jamstort med sidesmåblada. Det er oftast meir enn fem stengelblad, og småblada på alle stengelblada er tydeleg skafta og om lag jamstore med og skil seg ikkje så mykje frå dei på grunnblada. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er 4–6 mm lange. Kronblada er 12–18 mm lange og kvite eller lysfiolette. Pollenknappane er gule. Arret er breiare enn griffelen. Fruktene utviklar seg ofte ikkje. Planten spreier seg hovudsakleg med lausrivne småblad.

Sumpkarse har mange stengelblad, og småblada er tydeleg skafta.

Kronblada er nokså store og lysfiolette, som her, eller kvite.

Kromosomtal

Sumpkarse er variabelt høgpolyploid, kanskje med to grunntal (x = 7 og 8), og med varierande kromosomtal 2n = 52–118. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Sumpkarse er heimleg og veks på våte stader, i sumpskog, sump og vasskantar, jordvassmyrar og i våt eng. Han er knytt til noko næringsrik, ofte litt basisk grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til nordboreal sone. Han er nokså vanleg i det meste av landet til opp i fjellskogen og nordover til Troms, men han er sjeldsynt i Agder. Han er òg funnen i Sør-Varanger (Finnmark).

Den globale utbreiinga omfattar om lag heile Europa og austover til Aust-Sibir.

Sumpkarse høyrer til engkarse-gruppa (Cardamine pratensis i vid tyding), og er ikkje godt nok granska. Kartet er noko tynt og inneheld truleg ein mengde feil som skuldast manglande revisjon av opplysningar og herbariebelegg. Særleg gjeld dette i fjellstrøk og nordover kor storparten av opplysningane for gruppa truleg høyrer til polarkarse Cardamine nymanii.

Kommentarar

Sumpkarse høyrer til ei gruppe av nærskylde artar eller rasar, engkarse-gruppa, med fleire felles trekk. Mange forfattarar handsamar gruppa som éin art med fleire rasar, til dømes Jones mfl. (1993) som reknar gruppa som sju underartar av Cardamine pratensis. Mykje av problema i denne gruppa heng truleg saman med kromosomtala og formeiringsmåten. Diploide plantar er funne i Mellom-Europa, men hovuddelen av eller alle plantar i Nord-Europa er variabelt polyploide (sjå Lövkvist 1953, 1956, 1957, Lihová og Marhold 2003 og Elven mfl. 2011). Artane har potensial for frøformeiring, men frøa utviklar seg sjeldan, og plantane formeirer seg hovudsakleg vegetativt med småblad som fell av frå både rosettblad og stengelblad. Slik formeiring kan vere ein utveg for plantar med ubalanserte kromosomtal og forstyrra meiose.

Dei plantane som er funne i Norden, høyrer til tre litt uklårt skilde einingar, her og hos til dømes Al-Shehbaz mfl. (2010) og Elven mfl. (2011, 2022) handsama som tre artar med noko ulik morfologi, økologi og utbreiing. Carlsen mfl. (2009) fann at desse tre, saman med fleire europeiske diploide og låg-polyploide artar utgjorde ei svært distinkt, monofyletisk evolusjonsgrein i ein molekylær fylogeni (bygd på ITS) for slekta Cardamine. Heile gruppa ser difor ut til å ha europeisk opphav.

Forvekslingar

Sumpkarse kan bli forveksla med dei to andre artane i engkarse-gruppa og med bekkekarse Cardamine amara. Frå bekkekarse skil han seg i at han har dei store blada i rosett ved grunnen, medan bekkekarse har dei som store stengelblad, i at småblada er skafta hos sumpkarse, noko dei ikkje er hos bekkekarse, og i at endesmåbladet er like stort som dei andre småblada hos sumpkarse, medan det er ein god del større hos bekkekarse. Vidare skil sumpkarse seg i at pollenknappane er gule, medan dei er fiolette hos bekkekarse, i at arret er breiare enn griffelen, medan arret smalnar av frå griffelen hos bekkekarse, og i at stengelen er trinn, medan han er kantete hos bekkekarse.

Skilnadane mellom dei tre artane i engkarse-gruppa er mindre distinkte. Hos polarkarse Cardamine nymanii er småblada på rosettblada tjukke (kjøttfulle), oftast med litt innsenka nervar, og snaue, og stengelblada har sitjande, kjøttfulle småblad. Hos sumpkarse Cardamine dentata er rosettblada tynne, med heva nervar, og med spreidde hår (sjeldan heilt snaue), endesmåbladet på rosettblada er om lag jamstort med sidesmåblada, og stengelblada har nokså tynne småblad med tydeleg skaft. Hos engkarse Cardamine pratensis er rosettblada tynne, med heva nervar, og spreidd håra, endesmåbladet på rosettblada er tydeleg større enn sidesmåblada, og stengelblada har tynne småblad utan eller berre med utydeleg skaft.

Kjelder

Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.

Carlsen T, Bleeker W, Hurka H, Elven R og Brochmann C (2009). Biogeography and phylogeny of Cardamine (Brassicaceae). Annals of the Missouri Botanical Garden 96: 215–236.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/

Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.

Lihová J og Marhold K (2003). Taxonomy and distribution of the Cardamine pratensis group (Brassicaceae) in Slovenia. Phyton (Horn) 43: 241–261.

Lövkvist B (1953). Polyploidy and differentiation in the Cardamine pratensis complex. Proceedings of the VII. International Botanical Congress Stockholm (1950): 333–334.

Lövkvist B (1956). The Cardamine pratensis complex. Outlines of its cytogenetics and taxonomy. Symbolae Botanicae Upsaliensis 14,2. 131 s.

Lövkvist B (1957). De skandinaviska arterna i Cardamine pratensis-komplexet. Botaniska Notiser 110: 237–250.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Sumpkarse Cardamine dentata Schult. www.artsdatabanken.no/Pages/345544. Lasta ned <dag.månad.år>.