Vegsennep
Sisymbrium officinale
Vegsennep er framand og er den einaste av Sisymbrium-artane som er nokså vanleg i Noreg. Han er jamt å sjå i byar og tettstader, langsmed vegar og på skrotemark elles i låglandet på Austlandet, Sørlandet og på Vestlandet nord til Sogn.
Kjenneteikn
Vegsennep er oftast eittårig, med stivt opprette stenglar opptil 60 cm, og han er snau eller strihåra nedst på stengelen med korte, stive og oftast nedvende hår. Grunnblada og dei nedre blada er delte om lag til midten og med ein stor, kantete endeflik. Dei øvre stengelblada er avlange og djupt flika med lange flikar. Stengelen har lange, risforma greiner som oftast sprikjer rett ut frå stengelen før dei bøyer seg noko opp ytst, kvar med ein klase. I blomestanden sit blomar og knoppar tydeleg høgare enn toppen av unge frukter. Kronblada er bleikgule, 3–4 mm lange og om lag halvannan gong så lange som begerblada. Frukta er ei 1–1,5 cm lang langskulpe som sit på svært korte (om lag 2 mm) skaft som er om lag jamtjukke med skulpa, og både skaft og skulpe er tiltrykte stengelen. Skulpa smalnar sylforma mot toppen og er oftast noko håra. Ho er trinn (med sideveggar med kvelva rygg) og har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 1–1,7 mm lange.
Kromosomtal
Vegsennep er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Vegsennep er framand og veks om lag berre på sterkt kulturpåvirka mark, på vegkantar, gatekantar og anna skrotemark, ein sjeldan gong på havstrand med tangrestar. Han er no ein av dei vanlege plantane i bymiljø sør i Noreg. Arten kom frå først av mykje inn med ballastjord, seinare med andre transportar. Han blei truleg funnen i Noreg første gong på 1700-talet, men i Nord-Tyskland (Sør-Schleswig) er han kjent som makrofossil allereie frå romersk jernalder, kring byrjinga av vår tidsrekning, noko som tyder på at han kan vere heimleg der og elles i sørlege Danmark (Hartvig 2015). Den bufaste utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone, med meir ustabil førekomst i sørboreal sone. Det er nokre funn i innlandet ved Mjøsa (i Hamar og Ringsaker, Hedmark) og i indre Telemark (i Seljord og Tokke), men elles er arten knytt til og vanleg i låglandet og kyststrøk frå Østfold, Osloområdet og Ringerike til indre Sogn, derifrå meir sjeldsynt til Trøndelag. Han er òg funnen einskilde gonger i Nordland i Brønnøy i 1938 og Bodø i 1919.
Den heimlege utbreiinga omfattar truleg Mellom- og Sør-Europa, Middelhavsområdet og Vest-Asia aust til Iran. Arten er elles vidt kulturspreidd, særleg i Nord-Amerika.
Forvekslingar
Om ein veit at det er ein Sisymbrium, så skil veisennep seg frå alle dei andre norske artane i slekta i at han har skulper som ligg inntil stengelen (tiltrykte) og som er sylforma avsmalnande mot toppen.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Sisymbrium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 667–671.
Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Vegsennep Sisymbrium officinale (L.) Scop. www.artsdatabanken.no/Pages/345675. Lasta ned <dag.månad.år>.