Sandkarse
Teesdalia nudicaulis
Sandkarse er heimleg og er ein av dei mest nemorale artane vi har i norsk flora. Han er hovudsakleg knytt til kyststripa frå Kragerø til Stavanger, i samsvar med korleis han er utbreidd elles i Europa.
Kjenneteikn
Sandkarse er ein eittårig rosettplante, det vil seie at alle dei velutvikla blada sit i ein flat rosett ved grunnen. Desse blada er buktflika til fjørdelte med butte flikar og avrunda endeflik eller stundom heile. Hovudstengelen er bladlaus, medan sidestenglane har nokre reduserte, smale og heile blad. Stenglane er sjeldan meir enn 15 cm, ugreina og berre med små, skjelforma blad. Blomane sit i ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomane er monosymmetriske med kvite og ulikt store kronblad; to er 1,5–2,5 mm lange og vender utover i klasen, dei to andre er berre 0,5–1 mm lange og vender innover. Frukta er ei rund eller omvendt eggforma kortskulpe som er vengjekanta øvst og med eit skar i toppen av vengjekanten der det sit ein ørliten griffel (om lag 0,1 mm). Skiljeveggen sit på tvers av skulpa, og det er to frø i kvart skulperom. Skulpene sit på sprikjande skulpeskaft som er om lag jamlange med skulpa.
Kromosomtal
Sandkarse er tetraploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 36. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Sandkarse er heimleg og veks på tørr sandmark og på tørre knausar med grunn, næringsfattig og sur sandjord langsmed kysten. Utbreiinga er i hovudsak avgrensa til nemoral og litt inn i boreonemoral sone. Hovudutbreiinga er frå Kragerø (Telemark) til Sandnes (Rogaland), men arten er òg funnen nokre stader i Østfold i Hvaler, Fredrikstad, Råde og Moss. I Moss vaks han i 2000 på eit tømmerlager der han truleg var komen inn med importert tømmer. Han er òg funnen éin stad inne i landet, i Åmli (Aust-Agder). Utbreiinga fell godt saman med grensene for det som ein kan rekne som nemoral klimasone i Noreg. Utbreiing og økologi blir kort omtala hos Fægri (1960).
Elles er sandkarse utbreidd i store delar av Vest- og Mellom-Europa og austover til Ukraina, kanskje òg i Nordvest-Afrika.
Kommentarar
Sandkarse er opplagt heimleg på kysten lengst sør i Noreg, men han er òg ein art som er kulturspreidd nokre stader i Nord- og Sør-Amerika. Nokre av dei norske førekomstane kan nok skuldast kulturspreiing, i alle fall den i Moss og kanskje dei i Fredrikstad og Åmli.
Forvekslingar
Sandkarse skil seg frå storparten av dei andre krossblomane i dei ulikt lange kronblada. Desse har han til felles med artar i sløyfeslekta Iberis, men artane i sløyfeslekta skil seg frå han mellom anna ved at dei har blad oppetter stengelen og er større plantar. Sandkarse kan difor ikkje bli forveksla med nokon annan norsk plante, iallfall ikkje når han blømer.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Teesdalia W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 564–565.
Carvalho e Vasconcellos J de (1993). Teesdalia R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 383–384.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants. Oslo University Press, Oslo. 134 s + LIV pl.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Sandkarse Teesdalia nudicaulis (L.) W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/345682. Lasta ned <dag.månad.år>.