Markkarse
Lepidium campestre
Markkarse er framand, men no godt etablert og har innpassa seg bra i norsk natur, særleg på grunnlendt kalkmark i Oslofjordområdet.
Kjenneteikn
Markkarse er eitt- til toårig og kan bli opptil 40 cm høg. Planten er kort gråhåra både på stengel og blad. Ovanfor midten set stengelen ofte mange, stivt opprette og jamhøge greiner slik at han blir noko kandelaberforma. Grunnblada er grunt flika, men visnar tidleg. Stengelblada er sitjande med breie bladøyre (stengelomfattande), smalt trekanta og spreidd tanna. Blomane sit i ein nokså tett klase som strekkjer seg mykje under fruktmogninga. Kronblada er kvite og opptil 2,5 mm lange. Blomane har seks pollenberarar. Pollenknappane er gule. Frukta er ei noko pæreforma kortskulpe som er (4–)4,5–6,8 mm lang. Ho har brei vengjekant med eit innhakk i toppen. Ho er snau, men har skjelforma blærer. Griffelen er ikkje meir enn 0,5 mm lang, om lag jamlang med innhakket i vengjekanten.
Kromosomtal
Markkarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Markkarse er framand og frå først av komen inn med korn ved møller og med ballastjord, seinare med ulike transportmiddel. Han blei truleg først funnen i 1836 på ballastplassen “Munkedammen” i Oslo. Det er eit funn frå “Krogkleven” i 1834, men det er lite sannsynleg at dette materialet verkeleg er samla i Krokkleiva i Hole (Buskerud). Utbreiinga ligg i nemoral og boreonemoral sone med strøfunn til litt inn i mellomboreal sone. Arten er funnen mange stader i kyststrøk frå sørlege Austlandet og til Hordaland og svært spreidde stader vidare heilt til Alta (Finnmark), og med eit einskild funn i innlandet i Hamar (Hedmark) i 1878. I nyare tid er han hovudsakleg funnen frå Oslo til Rogaland, og det er i dette området han er bufast. Han er naturalisert på tørrbakkar og grusstrand, hovudsakleg på noko baserik grunn, og er elles funnen langsmed vegar, jernbanar og på anna skrotemark.
Den heimlege utbreiinga ligg i Sør- og Mellom-Europa og aust til Kaukasus. Arten er kulturspreidd til Nord-Amerika der han er nokså utbreidd.
Forvekslingar
Markkarse og vollkarse Lepidium heterophyllum er dei to artane i slekta som liknar mest på kvarandre. Markkarse er eitt- til toårig, berre greina øvst på stengelen, og han har ikkje reine bladskott ved grunnen. Vollkarse er fleirårig, greina frå grunnen, og han har oftast bladskott ved grunnen. På frukta er griffelen hos markkarse ikkje meir enn 0,5 mm lang og om lag jamlang med innhakket i vengjekanten kring frukta. Hos vollkarse er han meir enn 1 mm lang og stikk godt framom innhakket i vengjekanten.
Kjelder
Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Markkarse Lepidium campestre (L.) W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/345622. Lasta ned <dag.månad.år>.