Hagereddik har lenge vore dyrka som grønsak, men han er sjeldsynt som forvilla. Her frå Vikhammer i Malvik, Sør-Trøndelag.

Hagereddik er mykje dyrka som grønsak, men er sjeldsynt som forvilla. Han har vore dyrka som nytteplante sidan før vår tidsrekning.

Kjenneteikn

Hagereddik er eitt- eller toårig. Eittårige plantar har nokså grann rot; hos toårige plantar veks rota ut til ein tjukk rotknoll (reddiken) første året. Stengelen kan bli 1 m eller meir. Både grunnblada og stengelblada er breie, grovtanna og stundom flika nedst. Både stengel og blad er stivhåra. Begerblada er tiltrykte. Kronblada er store, 12–20 mm, og kvite eller bleikt raudfiolette med mørke årer. Skulpa er ei leddskulpe danna frå griffeldelen av frukta, med eit ledd ved grunnen. Dette leddet markerer grensa mellom den nedre delen av skulpa (veggdelen, som her ikkje er utvikla) og den øvre delen (griffeldelen) der frøa sit. Hos hagereddik er det lite eller ikkje innsnøringar mellom ledda i griffeldelen, og skulpa fell av heil. Nebbet på skulpa er lang og grant.

Hagereddik er eitt- eller toårig. Eittårige plantar (til venstre) har nokså grann rot, medan toårige plantar (til høgre) har ei rot som veks ut til ein tjukk rotknoll – reddiken – første året.

Blada er breie og grovtanna, og dei kan stundom vere flika nedst (sjå biletet over).

Begerblada er opprette, og kronblada er store og kvite eller bleikt raudfiolette med mørke årer. 

Skulpa er ei leddskulpe danna frå griffeldelen av frukta, med eit ledd ved grunnen. Hos hagereddik er det lite eller ikkje innsnøringar mellom ledda, og skulpa fell av heil.

Kromosomtal

Hagereddik er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hagereddik er framand og innført som grønsakplante, kanskje allereie i mellomalderen (kjent frå 1200-talet i Sverige og frå 1400-talet i Danmark, sjå Hartvig 2015). Han er ikkje bufast som forvilla. Han er funnen på skrotemark, særleg på vegkantar og i åkerkantar. Det er svært spreidde funn på Austlandet nord til Elverum (Hedmark), Lillehammer (Oppland), Flesberg (Buskerud) og Tinn (Telemark), og i kyst- og fjordstrøk nord til Tromsø (Troms).

Reddik blei truleg foredla i Søraust-Asia og var kjent som kulturplante allereie frå det tredje hundreåret før vår tidsrekning.

Kommentarar

Det er ei lang rekkje kulturformer av reddik, med ulik form og farge på rota, men dei blir ikkje namnsette vitskapleg som underartar eller varietetar. Ei kulturform som blir namnsett som kultivar, er fôrreddik eller oljereddik, ‘Oleifer’. Han har noko oppsvollen rot og blir dyrka som oljeplante og for grøngjødsling. Han er enno ikkje dokumentert som forvilla i Noreg.

Oljereddik blir dyrka som oljeplante og for grøngjødsling og er førebels ikkje funnen forvilla i Noreg.

Forvekslingar

Hagereddik liknar på former av villreddik med kvite eller lysfiolette kronblad, men skulpa er annleis. Hos hagereddik er ho oppsvollen, lite eller ikkje innsnørt mellom ledda, og oftast berre med få frø. Ho fell av heil. Hos villreddik er ho mindre oppsvollen, tydeleg innsnørt mellom ledda, og oftast med fleire frø. Ho brekk av ledd for ledd.

Kjelder

Chater AO (1993). Raphanus L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 417.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Warwick SI (2010). Raphanus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 438–440.

Zohary D og Hopf M (2000). Domestication of plants in the Old World. 3. utg. Oxford University Press, Oxford.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hagereddik Raphanus sativus L. www.artsdatabanken.no/Pages/345651. Lasta ned <dag.månad.år>.