Ugrasskrinneblom
Arabidopsis halleri
Ugrasskrinneblom er ein framand, fleirårig urt og er berre funnen tilfeldig tre gonger i Noreg. Arten er heimleg i høgtliggjande strøk frå Mellom-Europa og austover til vestlegaste Russland og Ukraina.
Kjenneteikn
Ugrasskrinneblom er ei fleirårig urt med underjordiske utløparar. Ho har oppstigande stenglar opptil 40–50 cm og er snau eller håra. Grunnblada er langskafta og avrunda, heile eller finna med fleire par avrunda småblad der endesmåbladet er om lag rundt i omriss og større enn dei andre. Stengelblada er kortskafta og avlange eller eggforma. Blomestanden er ein avlang klase. Kronblada er kvite eller lilla og 4–6 mm lange. Frukta er ei langskulpe på 1–2,5 cm, som sit på granne, sprikjande skaft.
Kromosomtal
Ugrasskrinneblom er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Ugrasskrinneblom er framand og berre funnen tre gonger i Noreg: som hageugras i Haugesund (Rogaland) i 1939 og i Eidsvåg i Bergen (Hordaland) i 1948, og ein annan plass i Bergen (Storesjøane i Fana) i 1980. Ingen av desse stadene er han funnen meir enn éin gong, og han har nok ikkje vore etablert i Noreg. Det er mest sannsynleg at han er komen inn med grasfrø og/eller gartnerivarer. I alle fall er det tidlegare norske namnet ‘gruveskrinneblom’ meir desinformativt enn informativt, og vi har difor gått bort frå det hos Elven mfl. (2022). Arten heiter «gruvtrav» på svensk, og det er mogeleg at namnet heng saman med at arten der han veks som heimleg, ofte finst i gruveområde av di han er tungmetall-tolerant.
Den heimlege utbreiinga er i høgtliggjande strøk i Mellom-Europa frå Tyskland og Sveits austover til Ukraina og vestlegaste Russland (men sjå kommentarar).
Kommentarar
O’Kane og Al-Shehbaz (1997) inkluderer ein austasiatisk plante som ein underart av Arabidopsis halleri: subsp. gemmifera (Matsum.) O’Kane & Al-Shehbaz. Dette gjer utbreiinga av den samla arten nokså uforståeleg. Ein japansk plante er òg blitt inkludert som subsp. umezavana (Kadota) Yonek. Elles er arten formrik òg i Europa, med tre aksepterte underartar (sjå Plants of the World Online).
Forvekslingar
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Corso M, An X, Jones CY, Gonzales-Doblas V, Schvarzman MS, Malkowski E, Willats WGT, Hanikenne M og Verbruggen N (2021). Adaptation of Arabidopsis halleri to extreme metal pollution through limited metal accumulation involves changes in cell wall composition and metal homeostasis. New Phytologist 230: 669–682.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Cardaminopsis (C. A. Meyer) Hayek. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 351–352.
O’Kane SL og Al-Shehbaz IA (1997). A synopsis of Arabidopsis (Brassicaceae). Novon 7: 323–347.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Arabidopsis halleri (L.) O'Kane & Al-Shehbaz. www.artsdatabanken.no/Pages/346221. Lasta ned <dag.månad.år>.