Om ein finn kvitsennep i Noreg, er det mest truleg rasen ugraskvitsennep, i og med at den andre rasen berre er påvist éin gong i landet, i 1915. Namnet ugraskvitsennep er kanskje litt uhøveleg; det er nok denne som er mest brukt som krydderplante.

Ugraskvitsennep er den underarten av kvitsennep som oftast er funnen i Noreg.

Kjenneteikn

Hos ugraskvitsennep er blada uregelrett fjørdelte med ein endeflik som er større enn sideflikane.

Ugraskvitsennep har blad som er noko uregelrett éin gong fjørdelte med ein endeflik som er større enn sideflikane. Skulpa er 3–4 mm brei og strihåra.

Kromosomtal

Ugraskvitsennep er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Ugraskvitsennep er funnen i åker og nysådd eng, på ballastplassar og ved møller, og på anna skrotemark. Han er funnen i store delar av landet nord til Alta og Sør-Varanger (Finnmark), men hovudtyngda av funna er i låglandet på Austlandet, på Vestlandet og på Helgeland. I Danmark er han kjent tilbake til det dei kallar ‘Germansk Jernalder’ (mellom 350 og 800 e.Kr., sjå Hartvig 2015). I Noreg har han nok vore dyrka i mellomalderen, men forvilla seg truleg ikkje før på 1700-talet. Vi er ikkje sikre på om han er bufast nokon stad i Noreg i dag.

Ugraskvitsennep kjem nok opphaveleg frå Middelhavsområdet og Vest-Asia, men han er kulturspreidd til alle meir tempererte strøk i Europa, Asia, Afrika, Australia og Nord- og Sør-Amerika.

Forvekslingar

Ugraskvitsennep skil seg frå flik-kvitsennep i kor mykje blada er delte opp og i breidde og hår på skulpa. Den første har éin gong delte blad med stor endeflik og ei nokså smal og strihåra skulpe. Den andre har to gonger delte blad og ei tjukkare og mindre eller ikkje håra skulpe.

Kjelder

Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409-410.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Ugraskvitsennep Sinapis alba subsp. alba. www.artsdatabanken.no/Pages/345669. Lasta ned <dag.månad.år>.