Peparrotslekta
Armoracia
Peparrotslekta er ei lita slekt med berre tre artar, utbreidde frå Mellom-Europa austover til Sibir. Berre éin art er funnen i Noreg: peparrot, som er innført som krydderplante.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane i denne slekta er snaue og fleirårige. Blada er enkle til djupt delte. Begerblada er ikkje poseforma ved grunnen. Kronblada er kvite og kortskafta. Frukta utviklar seg sjeldan, men er ei kortskulpe med kort griffel, og frø i to rekker i kvart skulperom. Slekta har ei kontinental utbreiing aust i Mellom-Europa, i Aust-Europa og gjennom Sør-Russland og Kasakhstan til Aust-Sibir.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Armoracia P. Gaertner, B. Meyer & Scherbius. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 459–460.
Ball PW (1993). Armoracia P. Gaertner, B. Meyer & Scherb. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Det Norske Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Peparrotslekta Armoracia G.Gaertn., B.Mey. & Scherb. www.artsdatabanken.no/Pages/313767. Lasta ned <dag.månad.år>.