Lodnerublom
Draba incana
Lodnerublom er heimleg og den vidast utbreidde av alle norske rublom-artar. Han veks frå kysten opp til snaufjellet i storparten av landet, men han er sjeldsynt i Søraust-Noreg.
Kjenneteikn
Lodnerublom er ei to- eller fleirårig urt. Rosetten på blomeskotta visnar tidleg (til skilnad frå alle dei andre fleirårige artane), men han set ofte siderosettar som lever vidare. Planten har ein mangeblada blomestengel opptil 25 cm. Blomestengelen er ofte greina (noko som er uvanleg hos andre norske rublom-artar). Blad og stenglar er nokså tett, gråkvitt håra med lange, ugreina hår og med korte, uregelrett fleirgreina (dendroide) hår heilt opp til dei tetthåra blomeskafta (til skilnad frå om lag alle andre norske rublom-artar). Hårklednaden er meir rufsete enn hos andre norske Draba-artar. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomane er nokså små, med litt gråleg kvite, skrått opprette kronblad som er 2,5–5 mm lange (blomen er halvopen). Hos dei snarlike artane storrublom Draba hirta og bergrublom Draba rupestris er kronblada mjølkekvite. Frukta er ei avlang, elliptisk eller lansettforma og spiss kortskulpe på 5–15 mm, og ho sit på eit skaft som oftast er kortare enn skulpa. Skulpa er ofte noko vridd, og ho kan vere snau eller håra. Griffelen er tydeleg, men nokså kort, det vil seie opptil 0,3 mm.
Kromosomtal
Lodnerublom er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Lodnerublom er heimleg og veks i ei rekkje ulike naturtypar. På kysten er han nokså vanleg i sanddyner, på anna sandmark og på strandberg. Innover i landet veks han på tørt berg, berghyller og i rasmark, på tørre grasbakkar og grusmark, om lag alltid på stader med lite konkurranse og oftast noko baserikt. Han veks òg ofte på kulturpåverka mark, særleg på veg- og jernbanekantar, og han er vanleg på torvtak. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral (sjeldsynt) til subarktisk sone og opp i lågalpint belte, der han er funnen til 1450 moh. i Oppdal (Sør-Trøndelag), men han er ikkje vanleg over skoggrensa. Arten er hyppig på kysten og i fjell‑ og åstrakter i det meste av landet, men han er sparsam på Austlandet sørom fjella, svært sjeldsynt i Agder (Grimstad og Lillesand i Aust-Agder, Farsund i Vest-Agder), og sjeldsynt på Vestlandet.
Den globale utbreiinga er arktisk-boreal og amfi-atlantisk, i nordaustlege Nord-Amerika, Grønland og Nord- og Mellom-Europa, der han er funnen sør til Pyreneane og Vest-Alpane og aust til nordaustlege europeisk Russland (men ikkje heilt til Ural), sjå Hultén og Fries (1986).
Kommentarar
Lodnerublom har ein stor og ikkje utgreidd variasjon. Plantane på berg og sandmark langsmed kysten (Draba incana s. str., slik typematerialet frå Öland i Søraust-Sverige er) er oftast toårige, medan innlandsplantane oftast er fleirårige (siderosettar som set røter og fortset veksten). Kystplantane har små, tette rosettar som ofte blømer heilt nede i rosetten, oftast med berre éin eller nokre få rosettar på kvar plante, fleire og meir tettstilte stengelblad, og tettare fruktsamling som ikkje strekkjer seg så mykje som hos innlandsplantane. I Sør-Noreg er kyst‑ og innlandsplantane geografisk skilde og morfologisk tydeleg ulike. Frå Trøndelag og nordover veks dei to hovudtypane nærmare kvarandre, og skilnadane mellom dei blir noko utviska. Vi er usikre på om ein skulle freiste med ei beskriving av to rasar her.
Det er litt uvisst kor mykje lodnerublom kryssar seg med andre artar. Mest trulege er hybridar med bergrublom Draba rupestris. Desse kan vere noko fertile (foreldra er tetra- og heksaploide), er funne i Oppdal (Sør-Trøndelag) og Balsfjord, Målselv og Nordreisa (Troms), og dei er truleg noko oversette. Ein hybrid med storrublom, Draba hirta (var. hirta) × Draba incana, er funnen i Målselv (Troms), men er kanskje oversett elles.
Forvekslingar
Ein stor del av feilidentifiserte Draba syner seg å vere lodnerublom. Arten er kjenneteikna av dei oftast mange stengelblada og den rufsete hårklednaden med uregelrett fleirgreina (dendroide) hår heilt opp på blomeskafta. Denne karakterkombinasjonen skil han frå alle andre norske rublom. Skulpa, som er kortskafta og ofte noko vridd, er òg karakteristisk.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Lodnerublom Draba incana L. www.artsdatabanken.no/Pages/345584. Lasta ned <dag.månad.år>.