Kvistkål
Brassica fruticulosa
Kvistkål er framand og berre funnen éin gong i Noreg, i Larvik i 2007, der han truleg var komen inn med grasfrø.
Kjenneteikn
Kvistkål er eitt- til fleirårig, og når han er fleirårig, er han ofte noko forveda ved grunnen. Stengelen er opprett, opptil 50 cm høg. Planten er strihåra i nedre delar. Grunnblada og dei nedre stengelblada er langskafta og buktflika til buktdelte med 2–8 par butte til avrunda sideflikar. Dei øvre stengelblada er buktflika til heile, og dei er ikkje stengelomfattande. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet, med sprikjande til nedbøygde, granne fruktskaft. Begerblada er halvveges opprette. Kronblada er gule og 6–10 mm lange. Fruktene er langskulper, 1,5–4 cm lange og 1,5–2 mm breie, tydeleg innsnørte mellom frøa, og ved grunnen med eit fruktfeste (ein karpofor) på 1–3 mm. Veggdelen av frukta har frø i éi rekkje i kvart skulperom. Nebbet på frukta (griffeldelen) er 2–7 mm og utan eller med eitt frø.
Kromosomtal
Kvistkål er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Kvistkål er framand og berre funnen éin gong i Noreg, på eit tilsådd areal i Larvik (Vestfold) i 2007, truleg komen med grasfrø. Funnet er i skrivande stund ikkje digitalisert og difor førebels ikkje synleg i kartet. Den heimlege utbreiinga ligg i det vestlege og midtre Middelhavsområdet i Spania, Frankrike, Italia og tidlegare Jugoslavia, og i Nordvest-Afrika. I dette området er arten formrik med fleire rasar (underartar).
Forvekslingar
Kvistkål skil seg frå dei andre Brassica-artane utan stengelomfattande bladgrunn i karakterkombinasjonen meir oppdelte blad med fleire flikar, ei frukt med eit kort, men tydeleg fruktfeste, og ved at han ofte er forveda ved grunnen.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kvistkål Brassica fruticulosa Cirillo. www.artsdatabanken.no/Pages/345515. Lasta ned <dag.månad.år>.