Strandkålslekta
Crambe
Strandkålslekta Crambe har 35 artar utbreidde i Europa, Afrika og Vest-Asia. I Noreg er berre éin art heimleg, strandkål, og han er ulik alle andre krossblomar i norsk flora. En annan art, oljekål, er framand og berre funnen eit fåtal gonger.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Strandkål-artane er eitt- eller fleirårige urter eller buskar med breie blad som er grunt tanna eller flika, og med store, greina blomestandar. Blomane er kvite. Frukta er ei nøttskulpe der det nedste leddet, veggdelen, ikkje utviklar seg, medan det øvste leddet, griffeldelen, har eitt frø. Frukta blir anten spreidd saman med heile planten (havspreiing), eller ho fell av og blir spreidd åleine.
Slekta har 35 artar og er utbreidd i om lag heile Europa, Vest-Asia, og i Nordvest- og Aust-Afrika. Økologien er svært ulik mellom artane. Mellom anna har Kanariøyane og Madeira meir enn ti ulike, buskforma artar som er over meterhøge.
To artar er funne i Noreg. Strandkål Crambe maritima er heimleg på havstrender. Oljekål Crambe hispanica er innført og er berre funnen nokre få gonger.
På grunn av den særprega skulpa og dei nokså særprega blada, blir ikkje strandkål-artane lett forveksla med nokre andre plantar.
Kjelder
Ball PW (1993). Crambe L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 415–416.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Strandkålslekta Crambe L. www.artsdatabanken.no/Pages/313784. Lasta ned <dag.månad.år>.