Hornlevkøy er framand. Arten har dels kome inn med ballastjord og såfrø, dels er han forvilla frå dyrking.

Hornlevkøy er framand, komen inn med ballastjord, korn og såfrø og er litt forvilla frå dyrking som sommarblome. Han er neppe bufast. Det norske materialet høyrer til ein underart som opphaveleg kjem frå det austlege Middelhavsområdet.

Kjenneteikn

Hornlevkøy er eittårig og blir opptil 50 cm. Heile planten er mjukhåra med små, uregelrett fleirgreina (dendroide) hår som står på korte skaft. Blada er linjeforma og ofte bukttanna til grunt flika. Blomestanden er ein kort klase med få, store og godt skilde blomar. Klasen strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 15–25 mm lange. Dei er fiolette, oftast med kvit grunn. Frukta er ei (15–)30–150 mm lang, knudrete langskulpe med små, uregelrett fleirgreina hår. Ho er noko opprett. Skulpa manglar griffel, men har to sprikjande arrflikar, kvar med eit nokså langt, oppbøygd horn på ryggen, særleg påfallande i fruktstadiet. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Kromosomtal

Hornlevkøy er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hornlevkøy er framand. Planten kom nok først inn med ballastjord og korn, seinare med såfrø, og han er av og til dyrka som sommarblome og forvilla, men han har nok aldri vore bufast. Han blei først funnen på “Bækkelaget v. Stranden” i Oslo, dvs. tett ved ballastplassen i Grønlia, i 1915. Han er funnen nokre få stader i kyststrøk frå Oslo og Drammen (Buskerud) til Bamble (Telemark), i Kristiansand (Vest-Agder), Vindafjord (Rogaland), Trondheim (Sør-Trøndelag), Bodø (Nordland) og i Tromsø (Troms, her truleg utsådd på vegkant). Funn i Vindafjord er i skrivande stund ikkje inne i Artskart.

Den heimlege utbreiinga er i Nord-Afrika, Vest-Asia og Hellas.

Kommentarar

Det norske materialet høyrer til subsp. bicornis (Sm.) P.W.Ball (Matthiola bicornis (Sm.) DC.) som kjem frå det austlege Middelhavsområdet i Libya, Egypt, Syria, Tyrkia og Hellas.

Forvekslingar

Hornlevkøy kan bli forveksla med levkøy-artane i strandlevkøyslekta Malcolmia og araberlevkøyslekta Strigosella, men dei skil seg i frukta. Dei andre levkøy-artane manglar horna øvst på skulpa; ho smalnar jamt av til ein kort griffel.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Matthiola W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 253–255.

Ball PW (1993). Matthiola R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 340–341.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hornlevkøy Matthiola longipetala (Vent.) DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345640. Lasta ned <dag.månad.år>.