Judaspengar er den einaste arten i slekta Lunaria som med tryggleik er funnen forvilla i Noreg. Her frå Tjøme i Vestfold.

Judas vart, ifølgje Det nye testamentet, betalt for sviket sitt med sølvpengar. Dei avrunda skulpene hos denne arten, med den sølvskimrande skiljeveggen på langs i heile skulpa når veggane har falle av, har gjeve namnet ‘judaspengar’ til arten. Han er framand, innført som prydplante, og han er ikkje sjeldsynt som forvilla i Noreg.

Kjenneteikn

Judaspengar er ei eitt- til toårig urt med opprette stenglar opptil 80–100 cm. Planten er grissent håra med ugreina hår, sprikjande på stengelen, men meir tiltrykte på blada. Blada er hjarteforma til breitt lansettforma og grovt kvasstanna, dei nedre stengelblada er motsette og langskafta, dei øvre er skruestilte og om lag sitjande. Blomestanden er ein nokså fåbloma klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomane er store. Begerblada er opprette, og dei to indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 15–25 mm lange og purpur, sjeldan kvite. Frukta er ei stor og sterkt samantrykt kortskulpe, 2–6 × 1,5–3,5 cm, breitt elliptisk til nestan rund i omriss (rund i begge endane), med ein sølvblank skiljevegg på langs og ein markert, 4–10 mm lang griffel. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom. Dei er flate, 7–10 mm lange og breitt vengjekanta.

Planten er grissent håra med enkle hår som er sprikjande på stengelen (og meir tiltrykte på blada).

Blada er hjarteforma til breitt lansettforma og grovt kvasstanna. Dei øvre er skruestilte og om lag sitjande, medan dei nedre er motsette og langskafta.

Blomestanden er ein nokså fåbloma klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Frukta er ei stor og sterkt avflata kortskulpe som er breitt elliptisk i omriss og avrunda i endane (og med ein sølvblank skiljevegg på langs).

Blomane er store med purpurfarga kronblad. Begerblada er opprette, og dei to indre er sekkforma ved grunnen.

Skulpa er stor og sterkt samantrykt, breitt elliptisk til nestan rund i omriss og rund i begge endane. Den sølvblanke skiljeveggen sit på langs, og griffelen er markert.

Dei flate sølvskimrande skulpene kan med litt godvilje minne om sølvpengar, ikkje sant?

Kromosomtal

Judaspengar er diploid med grunntal x = 15 (kanskje stundom 14) og kromosomtal 2n = 30 (28). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Judaspengar er framand og innført som prydplante. Han har vore dyrka lenge, i Danmark frå 1600-talet (Hartvig 2015). Han vart først funnen i naturen i Noreg på Bygdøy (“Ladegaardsøen”) i Oslo i 1869. Han veks på skrotemark og vegkantar og er nokre stader naturalisert i rik lauvskog, særleg edellauvskog. Utbreiinga som bufast ligg i nemoral og boreonemoral sone. Han er funnen i låglandet sør på Austlandet og langsmed kysten til Levanger (Nord-Trøndelag) og dessutan i Flakstad i Nordland og i Tromsø i Troms (sistnemnde er ikkje inne i Artskart enno). Arten synast vere noko i auke langsmed kysten frå Oslo til Hordaland. Oppdelinga i utbreiinga i sør heng truleg saman med kor det er baserik grunn.

Den heimlege utbreiinga ligg i rike skogtypar, særleg edellauvskog, i Mellom- og Sør-Europa.

I Noreg veks judaspengar i skogkantar og på skrotemark, her i eit rynkerose-kratt nær stranda i Tjøme i Vestfold. I heimlanda er han ein plante i edellauvskog.

Forvekslingar

Judaspengar liknar berre på den andre arten som er rapportert frå slekta i Noreg, månefiol Lunaria rediviva (sjå kommentar under slekta). Månefiol har skafta blad òg oppe på stengelen (med 0,5–1 cm lange skaft), noko mindre kronblad, og frukta er smalare og spiss i begge endane. Ei anna mogeleg forveksling er med dagfiol Hesperis matronalis som kan vere noko snarlik i bløming. Skulpene hos dagfiol er heilt annleis (smale langskulper), og blada er smalare og alle er skafta hos dagfiol, medan dei øvre blada er så godt som sitjande hos judaspengar.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Lunaria Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 596–597.

Ball PW (1993). Lunaria L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 358.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Judaspengar Lunaria annua L. www.artsdatabanken.no/Pages/345637. Lasta ned <dag.månad.år>.