Slekta omfattar berre éin art, hengjeskrinneblom, og han er berre funnen éin gong som framand i Noreg på midten av 1800-talet, truleg komen inn med grasfrø. Arten kjem opphaveleg frå austlege Aust-Europa til Asia.

For kjenneteikn og meir omtale, sjå arten.

Slekta Arabis, slik ho vart oppfatta av tidlegare forfattarar, er svært heterogen og er no splitta opp i ei rekkje mindre slekter. Catolobus er ei av desse, sjå Al-Shehbaz (2005).

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2005). Nomenclatural notes on Eurasian Arabis (Brassicaceae). Novon 15: 519–524.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hengjeskrinneblomslekta Catolobus (C.A.Mey.) Al-Shehbaz. www.artsdatabanken.no/Pages/313778. Lasta ned <dag.månad.år>.