Hornlevkøyslekta
Matthiola
Hornlevkøyslekta er ei nokså stor slekt med meir enn 50 artar, vidt utbreidde i Vest- og Sør-Europa, Vest- og Sentral-Asia og i Nord-, Aust- og Sør-Afrika. Nokre artar er dyrka som prydplantar, og éin av desse er funnen forvilla i Noreg: hornlevkøy.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Hornlevkøy-artane er eitt- til toårige, oftast tett gråhåra plantar der dei greina håra sit på eit kort skaft. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er fiolette, kvite eller ein sjeldan gong kvitgule. Frukta er ei særprega langskulpe med ein meir eller mindre markert midtnerve på kvar skulpevegg. Griffel manglar, men arret er markert toflika med ein hornliknande utvekst på kvar flik. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom, og dei er vengjekanta.
Hornlevkøy-artane veks hovudsakleg i tørre område, på berg, eller på saltrik jord på havstrand eller inne i landet. Slekta har sine kjerneområde kring Middelhavet og i stepper og halvørkenar kring Svartehavet og austover til Sentral-Asia og Vest-Kina (Xinjiang og Tibet), men det er òg nokre artar i Aust-Afrika og kanskje i Sør-Afrika. I Vest-Europa går slekta som heimleg nord til Dei britiske øyane, med éin art: Matthiola sinuata (L.) W.T.Aiton. Totalt er det akseptert 50–55 artar.
Hornlevkøy-artane kan bli forveksla med artar av levkøyslektene Malcolmia og Strigosella (sjå desse). Om ein er i tvil, er det berre å sjå på skulpa! Hos Malcolmia og Strigosella smalnar skulpa til ein kort griffel, og toppen av skulpa er utan horn. Hos Matthiola er det horn på begge arrflikane.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Matthiola W. T. Aiton. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 253–255.
Ball PW (1993). Matthiola R. Br. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 340–341.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Hornlevkøyslekta Matthiola W.T.Aiton. www.artsdatabanken.no/Pages/313803. Lasta ned <dag.månad.år>.