Holdodre er utbreidd som heimleg i Middelhavsområdet, Sør-Europa og Vest-Asia. I Noreg er arten framand, komen inn med ballastjord og korn, og etter å ha vore fråverande i bortimot 50 år dukka han i 2023 opp på Kyrksæterøra i Hemne i Sør-Trøndelag, uvisst på kva for vis.

Holdodre er ein framand og sjeldsynt art som har funne det for godt å dukke opp på Kyrksæterøra i Hemne etter å ha vore fråverande i Noreg i 50 år.

Kjenneteikn

Holdodre er ein eittårig, snau plante som kan bli opptil 1 m høg, men som berre er funnen som mykje mindre plantar i Noreg. Grunnblada er skafta, omvendt lansettforma og bukttanna til fjørflika; stengelblada er sitjande med stengelomfattande grunn. Dei er avlange til lansettforma, og heile eller tanna. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomeskafta er korte og tiltrykte stengelen. Begerblada er tiltrykte, dei indre litt sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule og 3–5 mm lange. Fruktskafta er 3–5 mm lange, tjukke og tydeleg breiare øvst enn nedst. Frukta er ei 5–8 mm lang, hjarteforma til omvendt trekanta kortskulpe med tre rom, eit nedre rom med eitt frø, og to øvre rom som er sterile. Skulpa opnar seg ikkje (nøttskulpe).

Blomeskafta er korte og tiltrykte stengelen. Begerblada er tiltrykte, og kronblada er gule og 3–5 mm lange.

Skulpa er heilt spesiell; ho er ei hjarteforma til omvendt trekanta nøttskulpe med tre rom (dei to øvre er sterile og det nedre har eitt frø).

Kromosomtal

Holdodre er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Holdodre er framand. Arten kom inn med ballastjord og blei funnen på ein ballastplass i Vikkilen i Grimstad (Aust-Agder) i 1880, på ein ballastplass i Oslo i 1882, på ballastbrygga på Bratteklev i Arendal (Aust-Agder) i 1888, og på ein ballastplass i Skjold i Vindafjord (Rogaland) i 1902. Seinare kom han inn med korn og blei funnen i Sør-Trøndelag ved Pienes mølle i Buvika i Skaun i 1927, ved kornsiloane i Ilsvika i Trondheim i 1974, og heilt nyleg (2023) i Kyrksæterøra i Hemne der det er heilt uvisst korleis han har kome inn.

Den heimlege utbreiinga er i det nordlege Middelhavsområdet og i Vest-Asia; ho strekkjer seg frå Spania aust til Iran.

Forvekslingar

Skulpeformen (som óg er synleg på fruktknuten i blomen) gjer at denne arten ikkje kan bli forveksla med nokon annan krossblome funnen i Noreg.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Myagrum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 568–569.

Ball PW (1993). Myagrum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 323.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Holdodre Myagrum perfoliatum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345642. Lasta ned <dag.månad.år>.