Blåputeslekta
Aubrieta
Blåputeslekta omfattar 15–20 artar utbreidde i Søraust-Europa og Vest-Asia, frå Italia aust til Iran. Éin eller fleire artar blir dyrka som prydplantar i Noreg og er funne litt forvilla, men dei er enno ikkje bufaste. Vi reknar førebels med at vi berre har éin forvilla art: hageblåpute.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane i Aubrieta-slekta er fleirårige urter med stjernehår, og med eller utan ugreina eller gaffelgreina hår (sjeldan snaue). Blada er enkle. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er rosa, lilla eller purpurfarga og tydeleg utranda. Dei ytre pollenberarane har eit tydeleg, tanna vedheng. Frukta er ei langskulpe eller ei kortskulpe med frø i to rekkjer i kvart skulperom.
Aubrieta-artane er berg- og rasmarkplantar, og alle dei 15–20 artane har nokså lokale utbreiingsmønster i Søraust-Europa austover frå Italia og Sicilia og i Vest-Asia frå Tyrkia til Iran. Artar av slekta blir brukte som lågvaksne prydplantar på berg og grunnlende og er stundom forvilla utanfor dette området.
Kjelder
Akeroyd JR & Ball PW (1993). Aubrieta Adanson. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 356–358.
Al-Shehbaz IA (2010). Aubrieta Adanson. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 268–269.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Blåputeslekta Aubrieta Adans. www.artsdatabanken.no/Pages/345506. Lasta ned <dag.månad.år>.