Snau åkersennep
Rhamphospermum arvense var. arvense
Snau åkersennep er den vanlege rasen av åkersennep i åker og på kulturmark. Han skil seg frå den andre rasen berre i hårklednad i øvre del av planten.
Kjenneteikn
Planten er snau eller om lag snau øvst i blomestanden, på blome- og skulpeskaft og på skulpa. Han er håra lenger nede på stengelen og på blada.
Kromosomtal
Snau åkersennep er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Snau åkersennep er den vanlege rasen i åkrar og åkerkantar, på vegkantar, anna tørr skrotemark, og han veks òg stundom på havstrender der det er tangrestar. Han er funnen i om lag heile landet, og han er bufast i låglandet i alle fall nord til Trøndelag, kanskje til Helgeland. I fjelldalane og lenger nord er han meir tilfeldig, med funn opp til 900 moh. i Folldal (Hedmark), og han er funnen heilt nord til Nordkapp (Finnmark) og nokre få gonger i Longyearbyen og Barentsburg på Spitsbergen.
Kartet er tynt, men om lag alle funn av arten som ikkje er ført til varietet, høyrer til denne varieteten. Opplysningane er ikkje kritisk granska.
Kommentarar
Dei to varietetane av åkersennep er tydeleg ulike i hårklednad, men det er det heile. Elles skil dei seg lite eller ikkje i utbreiing og økologi, sett bort frå at orientåkersennep er mykje sjeldnare enn snau åkersennep.
Forvekslingar
Kjelder
Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409–410.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Snau åkersennep Rhamphospermum arvense var. arvense. www.artsdatabanken.no/Pages/345656. Lasta ned <dag.månad.år>.