Sørleg tinderublom
Draba cacuminum subsp. cacuminum
Sørleg tinderublom er ein sjeldsynt plante knytt til høge fjelltoppar og ferske morenar ved brear i Sør- og Midt-Noreg, frå nordenden av Hardangervidda nord til Trollheimen.
Kjenneteikn
Sørleg tinderublom har ei breitt eggforma skulpe med kort griffel (om lag 0,1–0,4 mm). Sjå arten tinderublom for andre morfologiske karakterar.
Kromosomtal
Sørleg tinderublom er oktoploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 64. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Sørleg tinderublom er heimleg og veks på tørr rabb, i grus og på berg på fjelltoppar, og dessutan på ferske morenar i breområde. Han er berre funnen på baserik grunn i mellomalpint og litt opp i høgalpint belte. Arten er berre kjend frå Noreg der han er funnen i fleire skilde fjellområde. Han veks i Finse-området i Ulvik (Hordaland) og Hol (Buskerud), og her ofte på ferske morenar, i og nær Jotunheimen i Vang, Nord-Fron, Vågå og Lom (Oppland), der han berre veks på fjelltoppar opp til 2000 moh., og i Dovrefjell og Trollheimen i Oppdal (Sør-Trøndelag), der han berre veks på fjelltoppar.
Forvekslingar
Sørleg tinderublom skil seg lite frå nordleg tinderublom subsp. angusticarpa, men har breiare skulpe (breitt eggforma mot smalt eggforma) og noko kortare griffel (om lag 0,1–0,4 mm mot 0,3–0,6 mm). Dei to underartane har dessutan ulik utbreiing; så lenge ein veit kor i Noreg ein oppheld seg, går dette greitt.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R og Aarhus Aa (1984). A study of Draba cacuminum (Brassicaceae). Nordic Journal of Botany 4: 425–441.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Sørleg tinderublom Draba cacuminum subsp. cacuminum. www.artsdatabanken.no/Pages/345576. Lasta ned <dag.månad.år>.