Kål
Brassica oleracea
Arten kål er ein av verdas viktigaste matplantar med kulturformene hovudkål, blomkål, brokkoli, rosenkål, grønkål og knutekål mellom fleire andre. Alle desse er foredla frå ein kystplante i Vest-Europa, og alle er så foredla at dei ikkje klarar seg utan hjelp av menneske i norsk natur.
Kjenneteikn
Kål er ei to- eller oftast fleirårig urt, og hos fleirårige plantar er stengelen noko forveda nedst. Planten er snau og høgvaksen, opptil 2 m. Han har aldri rotknoll, men kan ha ein stengelknoll (knutekål). Stengelen er ofte rikt greina. Blada er tjukke og blågrøne. Grunnblada og dei nedre stengelblada er rundtanna til djupt flika og oftast med eit skaft; dei øvre stengelblada har stengelomfattande bladgrunn. Blomestanden er ein klase der knoppane stikk mykje høgare opp enn dei opne blomane, og blomane er nikkande. Begerblada er opprette. Kronblada er store, 12–30 mm, og bleikt gule. Frukta er ei langskulpe som er 5–8 cm lang, 2–4 mm brei, litt knudrete og med eit tydeleg fruktfeste (ein karpofor). Veggdelen har frø i éi rekkje i kvart rom. Nebbet (griffeldelen) er konisk, 0,3–0,8 mm lang og kan mangle frø eller ha 1–2 frø. Skulpene sit på noko sprikjande fruktskaft.
Kromosomtal
Kål er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Kål er framand i Noreg, men har lenge vore dyrka i låglandet og dalføra over store delar av landet og er funnen i åkerkantar, på vegkantar og andre stader der frø kan bli spreidde frå transportar. Han er funnen nord til Tromsø (Troms) og Alta (Finnmark), men det er berre på Austlandet han er funnen nokså ofte. Han er ikkje bufast.
Kål er heimleg på berglendte strender ved Atlanterhavet frå Nordvest-Tyskland og Dei britiske øyane sørover til Vest-Frankrike og til Spania. Kultivarar av kål er funne på spreidde stader over store delar av verda.
Kommentarar
Kål vart tidleg teken i kultur og er foredla over lang tid, truleg allereie for fleire tusen år sidan. Dyrking av kål spreidde seg kring Middelhavet og til Vest-Asia allereie i før-romersk jernalder. I Noreg har kål vore dyrka minst sidan 1200-talet.
Det som er dyrka og som er funnen forvilla, er kultivarar som ikkje set godt med frø utanfor dyrking. Dei viktigaste kultivarane (her rekna som varietetar) er: hovudkål var. capitata (L.) Alef.; blomkål var. botrytis L.; broccoli var. italica Plenck; rosenkål var. gemmifera DC.; grønkål var. sabellica L.; og knutekål var. gongylodes L. Det vi et er stengelknollen hos knutekål, blada hos grønkål, hovudkål (samla i eit tett hovud) og rosenkål (samla i små sidehovud), og blomestanden hos blomkål og brokkoli.
Forvekslingar
Kål har mykje større blomar enn bondekål Brassica rapa; kronblada er oftast kortare enn 11 mm hos bondekål og meir enn 12 mm hos kål. Det er hår på nedre delar av planten hos bondekål, medan kål er heilt snau. Han skil seg lettast frå fôrkål Brassica napus når han blømer. Hos kål sit knoppane tydeleg høgare enn dei opne blomane; hos fôrkål sit dei på om lag same høgda. Blomane hos kål er nikkande og med opprette begerblad; blomane hos fôrkål og bondekål er opprette og med noko sprikjande begerblad.
Kål (og fôrkål og bondekål) har større blomar og mykje meir blågrøne blad enn det ein finn hos andre vanlege, langskulpa og gulbloma krossblomar på kulturmark, til dømes vinterkarse Barbarea vulgaris, åkergull Erysimum cheiranthoides og åkersennep Rhamphospermum arvense.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Warwick SI (2010). Brassica Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 419–424.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kål Brassica oleracea L. www.artsdatabanken.no/Pages/345520. Lasta ned <dag.månad.år>.