Bekkekarse
Cardamine amara
Bekkekarse er ein heimleg plante på våte stader, særleg i kjelder og på vasskantar. Han er mest vanleg på Austlandet og i Midt-Noreg. Planten har bitter smak, derav artsnamnet ‘amara’ som tyder bitter.
Kjenneteikn
Bekkekarse er ei fleirårig urt med kort, krypande jordstengel og opprett, ugreina eller greina stengel opptil 40 cm. Planten er ofte noko håra nedst på stengelen. Stengelen er kantete og med renningar frå stengelgrunnen. Grunnblad manglar; alle blada sit på stengelen og er store og finna med 2–4 par småblad som er grunt bukttanna. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er om lag 2,7–4,3 mm lange. Kronblada er 6–12 mm lange og kvite, ofte med fiolette årer. Pollenberarane er vanlegvis mørkfiolette. Arret er smalare enn griffelen. Frukta er ei noko samantrykt langskulpe på 20–40 mm.
Kromosomtal
Bekkekarse er di- og tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtala 2n = 16 og 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Bekkekarse er heimleg og veks på våte stader, særleg på vasskantar, i kjelder og i grøfter, men òg i sumpskog (særleg i oreskogar), myrdrag og i våt eng. Han veks på frå noko sur til noko basisk grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til nordboreal sone, stundom opp i snaufjellet i lågalpin sone, til 1220 moh. i Ål (Buskerud). Arten er vanleg på Austlandet og i Midt-Noreg. Han er sjeldsynt og veks berre på kysten på Sørlandet, er sjeldsynt på indre Vestlandet og manglar om lag på ytre Vestlandet. Nord for Trøndelag er det berre spreidde funn til Vefsn og Vega (Nordland) og i Salangen og Tromsø (Troms). Utbreiing og økologi blir diskutert hos Danielsen (1996).
Den globale utbreiinga omfattar storparten av Europa (men ikkje Island) og Tyrkia.
Forvekslingar
Bekkekarse kan bli forveksla med artar av engkarse-gruppa Cardamine pratensis s. lat., men skil seg i fleire karakterar. Bekkekarse har kantete stengel, manglar rosett, har store stengelblad og fiolette pollenknappar; artane av engkarse-gruppa har trinn stengel, har alltid rosett, har små stengelblad og gule pollenknappar.
Bekkekarse kan òg bli forveksla med storvaksen skogkarse Cardamine flexuosa, men skogkarse har mykje mindre blomar med kronblad som oftast er mindre enn 4 mm lange, medan dei hos bekkekarse er 6 mm lange eller meir.
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Danielsen A (1996). Cardamine amara. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 37 + pl. 9.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Bekkekarse Cardamine amara L. www.artsdatabanken.no/Pages/345541. Lasta ned <dag.månad.år>.