Vårpengeurt er ein tidleg-blømande og svært vanleg plante i mesteparten av landet. Arten er faktisk framand og vart ikkje funnen i Noreg før på 1870-talet.

Eit av dei tidlegaste vårteikna i store delar av landet, samstundes med at selja og hestehoven blømer, er når vårpengeurt byrjar bløminga si, ofte allereie seint i mars. I dag er det vanskeleg å tenkje seg at denne vanlege og velkjende planten er framand og berre har vore i landet i om lag 150 år.

Kjenneteikn

Vårpengeurt er ei stundom toårig, men oftare fleirårig, snau og blågrøn urt opptil 30 cm høg (i fruktstadiet). Planten har ein rosett av langskafta, spatelforma og heile eller grunt tanna blad som ofte overvintrar. Stengelen er ugreina og med frå nokså få til talrike, heile eller spreidd småtanna stengelblad der grunnen går noko kring stengelen. Blomestanden er ein kort og tett klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet og blir nokså grissen. Kronblada er kvite eller bleikt fiolette og 2–5 mm lange, 1,5–3 gonger så lange som begerblada og lengre enn pollenberarane. Pollenknappane er fiolette. Frukta er ei kortskulpe som ser ut som ei hjarteforma skovl. Ho er 5–10 mm brei, øvst med vengjekantar som stikk opp langsmed griffelen og med eit breitt V-forma innhakk, og med skiljeveggen på tvers. Griffelen er jamlang med eller lengre enn innhakket. I kvart skulperom sit det 3–6 frø, oftast i to rekkjer.

Planten er snau og blågrøn. Grunnblada er langskafta, spatelforma og heile eller grunt tanna. 

Stengelblada er heile eller med spreidde, svært små tenner, og med grunn som går noko kring stengelen.

Blomestanden er ein kort og tett klase med kvite eller bleikt fiolette kronblad. Pollenknappane er fiolette.

Kortskulpa ser ut som ei hjarteforma skovl. Øvst har ho vengjekantar som stikk opp langsmed griffelen og med eit breitt, V-forma innhakk.

Kromosomtal

Vårpengeurt er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vårpengeurt er framand, men han er ein vanleg plante i nokså tørr grasmark, på tørre berg og i tørr, open skog i stordelen av landet. Han er fullt naturalisert i slåtteeng og beitemark. Arten kom truleg opphaveleg inn både som dyrka i Botanisk hage i Oslo frå 1874 og som ureining i grasfrø, òg i Oslo, frå 1879. Sidan har han spreidd seg over stordelen av landet. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til nordboreal sone og opp i lågalpint belte. Han er vanleg nord til Trøndelag og meir spreidd nord til Sør-Troms, og han er òg funnen i Sør-Varanger (Finnmark) og rapportert som tilfeldig frå Longyearbyen på Spitsbergen, men vi har ikkje funne kjelde for denne siste opplysninga. I fjellet er han bufast og med frøformeiring høgt opp i lågalpint belte, til 1220 m på Finse i Ulvik (Hordaland). Spreiinga var rask på slutten av 1800-talet og gjennom 1900-talet fram til 1960-åra. Seinare har ho nok dempa seg noko fordi arten no finst dei fleste stadene der han kan vekse. Kvifor han ikkje har spreidd seg meir i Nord-Troms og Finnmark er uklårt. Dei klimatiske forholda skulle vere høvelege, men kanskje er lysklimaet feil der for denne arten. Utviklinga i utbreiinga er handsama hos Elven og Fremstad (1996). Han er ein av dei nokså nyleg innførte plantane som har innpassa seg best i norske naturtypar; det er få om nokon utom fagbotanikarane som i dag oppfattar vårpengeurt som ein framand art.

Den heimlege utbreiinga ligg i høgtliggjande strøk i Sør- og Mellom-Europa, frå Pyreneane gjennom Alpane til Karpatane og nordlege Balkan. Det er truleg òg herifrå at grasfrøet med innblanda vårpengeurt kom til Noreg. Som framand er vårpengeurt vanleg i nordlege delar av Nord-Europa, men av ein eller annan årsak har han ikkje greidd å kome seg over til Nord-Amerika. Han er òg svært sjeldsynt i Danmark og på Dei britiske øyane.

Vårpengeurt er fullt ut naturalisert i slåtteeng og beitemark. Her frå Oppdal i Sør-Trøndelag.

Vårpengeurt er ein smålåten art. Her har han funne seg til rette på ei trapp på Nøtterøy i Vestfold.

Kommentarar

Vårpengeurt er rapportert med to underartar i Nord-Europa: subsp. caerulescens og subsp. brachypetala (Jord.) Tzvelev. Hovudskilnaden ligg i lengda på kronblada. Hos subsp. brachypetala er dei korte, opptil 1,5 gonger så lange som begerblada; hos subsp. caerulescens er dei meir enn 1,5 gonger så lange som begerblada. Pollenknappane er fiolette hos subsp. caerulescens, men kvite hos subsp. brachypetala. I samband med ein planlagt revisjon for Flora Nordica på 1990-talet gjorde Stefan Ericsson eit forsøk på å dele det norske materialet etter desse karakterane. Forsøket fall ikkje heldig ut, og vi aksepterer difor førebels ikkje desse underartane for Noreg. Dei aller siste åra har vi funne plantar som kan tyde på at denne oppdelinga kanskje likevel kan ha noko for seg òg hos oss, men subsp. brachypetala er nok sjeldsynt i det norske materialet.

I fjellbygdene er det ikkje mange vårplantar. Då den eine av forfattarane var unge oppe på Røros seint på 1950-talet, var det ‘tradisjon’ mellom ungane å gå på ‘Skansen’ seint i april. ‘Skansen’ var ein bastion frå den store nordiske krigen på 1700-talet, på ein haug aust i byen. På sørsida av haugen her bløma vårpengeurt tidleg, og då gjekk vi for å plukke og ete blomestandane som smakte søtt (vert difor kalla ‘sukkertopp’). I og med at vårpengeurt vart funnen på Røros første gong i 1921, seier det noko om kor raskt ein ‘tradisjon’ kan bli bygd opp.

Forvekslingar

Vårpengeurt har ingen opplagde forvekslingsartar. Den arten som kanskje liknar mest, er gjetartaske Capsella bursa-pastoris, som Linné inkluderte i slekta Thlaspi, men han har heilt andre, flika blad og heilt anna, trekanta skulpe.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Noccaea Moench. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 600–604.

Al-Shehbaz (2014). A synopsis of the genus Noccaea (Coluteocarpeae, Brassicaceae). Harvard Papers in Botany 19: 25–51.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Clapham AR og Akeroyd JR (1993). Thlaspi L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 384–388.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Fremstad E (1996). Fremmede planter i Norge. Vårpengeurt, Thlaspi caerulescens. Blyttia 54: 115–128.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vårpengeurt Noccaea caerulescens (J.Presl & C.Presl) F.K.Mey. www.artsdatabanken.no/Pages/345646. Lasta ned <dag.månad.år>.