Kålskrinneblom
Fourraea alpina
Kålskrinneblom er ein framand art som først vart funnen i Noreg i 1998. Han var allereie då naturalisert på kalkrik mark i Oslo. Han kjem opphaveleg frå Sør- og Vest-Europa, og det er uvisst korleis han er komen inn til landet.
Kjenneteikn
Kålskrinneblom er ei kortlevd fleirårig urt som blir opptil 1 m. Planten er snau og blågrøn (‘kålgrøn’). Grunnblada er langskafta, eggforma og heile. Stengelblada er sitjande, og dei nedre er sokalla lyreforma, det vil seie at dei er innsnørte på midten som ei fele; dei øvre er lansettforma med stengelomfattande grunn og store bladøyre. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er 4–7 mm lange og kvite eller rosa. Frukta er ei grann langskulpe på 3–8 cm, noko samantrykt og opprett, på om lag 2 cm lange, sprikjande skulpeskaft. Frøa sit truleg i éi rekkje i kvart skulperom.
Kromosomtal
Kålskrinneblom er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14 (sjå Chromosome Counts database under namnet Turritis brassica). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Kålskrinneblom er ein framand art som er ein nykommar i Noreg. Arten vart først funnen som etablert i kalkfuruskog nord på Malmøya i Oslo i 1998 (Wesenberg 1998), seinare på den kalkrike naboøya Malmøykalven i 2010 og på ein kalkrygg ved Vollsveien i Bærum (Akershus) i 2004 (Berg 2004). Førekomstane ligg alle i boreonemoral sone. Arten veks på tørr kalkgrunn i og i kanten av kalkfuruskog. Korleis arten er komen inn i Noreg, er ikkje kjent.
Den heimlege utbreiinga omfattar Sør- og Vest-Europa frå Frankrike aust til tidlegare Tsjekkoslovakia og tidlegare Jugoslavia.
Kommentarar
Kålskrinneblom er framand, men vegen frå innførsel til naturalisering i Noreg kan ha vore uvanleg kort. Første gongen arten vart funnen i Noreg, på Malmøya i Oslo, var han allereie naturalisert på kalkrikt grunnlende.
Forvekslingar
Arten er ulik alle andre norske krossblomar, og forveksling er lite truleg. Dei øvre stengelomfattande blada har han sams med kålurt Conringia orientalis (men han har ikkje lansettforma blad og så store blomar) og artar i kålslekta Brassica, til dømes åkerkål Brassia rapa subsp. campestris (men desse har store, gule kronblad).
Kjelder
Berg T (2004). Funn nr. 2 av kålskrinneblom Arabis brassica i Norge. Blyttia 62: 165.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 12/04/2023
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Greuter W og Raus T (1984). Med-Checklist Notulae 8. Willdenowia 13: 277–288.
Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Wesenberg J (1998). Arabis brassica – ny skrinneblomst-art for Norge. Blyttia 56: 238–239.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Kålskrinneblom Fourraea alpina (L.) Greuter & Burdet. www.artsdatabanken.no/Pages/345608. Lasta ned <dag.månad.år>.