Sylblad
Subularia aquatica
Svært få krossblomar er vassplantar, og sylblad er den mest utprega av desse. Om ein finn han utan blomar eller frukt, er det vanskeleg å tru at han er ein krossblome; han ser meir ut som eit gras eller ein siv med dei trådsmale blada.
Kjenneteikn
Sylblad er ein eittårig og snau vass- og strandplante ved ferskvatn, sjeldan meir enn 10 cm. Han har mjølkekvite røter. Alle blada er grunnstilte og trådsmale. Kvar plante har berre éin stengel med ein kort, fåbloma klase. Begerblada fell av tidleg. Kronblada er kvite, små (1,2–1,5 mm lange) og smale. Frukta er ei elliptisk til avlang eller omvendt eggforma kortskulpe, oftast 2–3,5 mm lang og 1,2–2 mm brei, utan utvikla griffeldel og berre med eit sitjande arr. I veggdelen sit skiljeveggen på tvers. I kvart skulperom er det to rekkjer med frø.
Kromosomtal
Sylblad er truleg tetraploid med grunntal x = 7–9 og kromosomtala 2n = 28, 30 og 36. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Sylblad er heimleg og veks på grunt vatn og på hyppig overflødde strender ved ferskvatn, nokre gonger i store og tette teppe. Plantane kan bløme under vatn, men oftast blømer dei først når dei blir tørrlagte. Under vatnet er blomane truleg kleistogame og pollinerer seg sjølve utan at dei opnar seg. Planten veks på finmateriale, men har ikkje høge næringskrav, og han er ein av dei vassplantane ein ofte finn i og langsetter næringsfattige sjøar og elver. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til noko inn i subarktisk sone og til noko opp i lågalpint belte. Han går opp i snaufjellet, men ikkje svært høgt; han er funnen opp til 1130 moh. i Tinn (Telemark). Han er vanleg i om lag heile landet, berre noko meir sjeldsynt på Finnmarkskysten og Finnmarksvidda (men nokså vanleg i fjordstrøk i Finnmark).
Globalt er sylblad utbreidd i Europa, Grønland, Nord-Amerika og nordaustlege Asia, særleg i boreale område. Han manglar i stordelen av Europa sør for Skandinavia, og sjølv om han er vanleg heilt ut på Agderkysten i Noreg, er han svært sjeldsynt allereie i Danmark, det sørlegaste Sverige og på Dei britiske øyane.
Kommentarar
Som mange andre artar med stor utbreiing i dei boreale områda, er sylblad delt i rasar: ein eurasiatisk subsp. aquatica og ein nordamerikansk og grønlandsk subsp. americana G.A.Mulligan og Calder (sjå Mulligan og Calder 1964 og Al-Shehbaz 2010). Skilnadane mellom dei to er ikkje store. Den amerikanske rasen har begerblad som heng på lenge og ein litt annan struktur i fruktstand og frukt.
Forvekslingar
Når han er utan blomar og frukt, kan sylblad bli forveksla med eit utal andre småvaksne strand- og vassplantar med trådsmale blad; når han blømer eller er i frukt, kan han ikkje bli forveksla med nokon annan norsk plante.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Subularia Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 509–510.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Mulligan GA og Calder JA (1964). The genus Subularia (Cruciferae). Rhodora 66: 127–135.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Tutin TG (1993). Subularia L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 403.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Sylblad Subularia aquatica L. www.artsdatabanken.no/Pages/345681. Lasta ned <dag.månad.år>.