Kvitsennep, ein framand art i Noreg, er ein viktig krydderplante og er hovudingrediens i fleirtalet av sennepstypar saman med svartsennep og noko sareptasennep. Desse er plantar som har vore dyrka langt tilbake, frå før vår tidsrekning, både kring Middelhavet og i store delar av Asia.

Kvitsennep er ein framand art som er ein hovudingrediens i dei fleste typar sennep. I Noreg er han oftast funnen som ugras.

Kjenneteikn

Kvitsennep er eittårig, strihåra og med opprette stenglar opptil 100 cm høge. Blada er ujamt djupt buktflika, dobbelt buktflika eller fjørdelte (meir flika enn hos åkersennep Rhamphospermum arvenses). Blomane sit i ein nokså kort klase. Dei er utan støtteblad, med blomeskaft lengre enn begerblada. Begerblada er ikkje sekkforma ved grunnen og står rakt ut og fell tidleg av. Kronblada er gule, 8–15 mm lange, og med eit tydeleg skaft. Skulpa er ei 2–4 cm lang langskulpe der veggdelen har veggar med tre eller fleire tydelege nervar og éi rekkje store, oftast gule frø i kvart skulperom (berre 4–8 frø i kvar skulpe), og der griffeldelen er eit markert og flatt nebb utan frø. Griffeldelen er lengre enn veggdelen. Skulpa er strihåra (eller ein sjeldan gong snau).

Blada er ujamt djupt buktflika (som her hos underarten ugraskvitsennep) eller dobbelt buktflika (som hos underarten flik-kvitsennep).

Kronblada har eit tydeleg skaft. Begerblada er ikkje sekkforma ved grunnen. Dei står rakt ut og fell tidleg av.

Langskulpa har ein veggdel med fleire frø og ein griffel-del utan frø. Griffeldelen er lengre enn veggdelen og er eit markert og flatt nebb. Skulpa er strihåra.

Kromosomtal

Kvitsennep er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kvitsennep er funnen i åker, i nysådd eng som her i Røros i Sør-Trøndelag, og på skrotemark av ymse slag.

Kvitsennep er framand og funnen i åker og nysådd eng, på ballastplassar og ved møller, og på anna skrotemark. Han er ikkje vanleg, men er funnen i store delar av landet nord til Alta og Sør-Varanger (Finnmark). Hovudtyngda av funna er i låglandet på Austlandet, på Vestlandet og på Helgeland. I Danmark er han kjend tilbake til det dei kallar ‘Germansk Jernalder’ (mellom 350 og 800 e.Kr., sjå Hartvig 2015). I Noreg har han nok vore dyrka i mellomalderen, men truleg ikkje forvilla før på 1700-talet. Vi er ikkje sikre på om han er bufast nokon stad i Noreg.

Kvitsennep kjem nok opphaveleg frå Middelhavsområdet og Vest-Asia, men han er kulturspreidd til alle meir tempererte strøk i Europa, Asia, Afrika, Australia og Nord- og Sør-Amerika.

Kommentarar

Arten har to nokså klårt skilde rasar (underartar), men der den andre underarten (flik-kvitsennep subsp. dissecta) berre er funnen éin gong i Noreg, ved ei mølle i Oslo i 1915.

Forvekslingar

Kvitsennep skil seg frå åkersennep Rhamphospermum arvense (tidlegare Sinapis arvensis) i at den førstnemnde har skulpe der griffeldelen er lengre enn veggdelen og samantrykt til eit flatt nebb, og at han har færre frø (oftast 4–8). Elles liknar han på mange andre gulbloma ugrasartar av krossblomar, til dømes åkerreddik Raphanus raphanistrum subsp. raphanistrum, åkerkål Brassica rapa subsp. campestris og åkergull Erysimum cheiranthoides. Ein karakter som åkersennep og kvitsennep (dei to tidlegare Sinapis-artane) er nokså åleine om, er dei tynne, sprikjande begerblada som fell av tidleg. Åkerreddik skil seg frå åkersennep og kvitsennep i at han har leddskulpe og større, bleikare kronblad med mørke årer. Åkerkål skil seg frå åkersennep og kvitsennep i at blada er stengelomfattande ved grunnen og i at heile planten er snau eller om lag snau og blågrøn. Åkergull skil seg frå åkersennep og kvitsennep i smale, heile blad og tiltrykte gaffelhår (malpighiske hår), med to eller tre greiner. Det lange, flate nebbet er kvitsennep nokså åleine om.

Kjelder

Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409-410.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Warwick SI (2010). Sinapis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 441–443.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kvitsennep Sinapis alba L. www.artsdatabanken.no/Pages/345667. Lasta ned <dag.månad.år>.